Å arbeide saman er suksess

No er det val. Kva saker er dei viktigaste? Det er eit spørsmål kvar og èin må spørje seg sjølv. Kva er viktig for meg og min familie? Mitt liv? Mi framtid? Og så må du gjerne gå til valurna med svaret du finn.

Men eg håper du vil ha èin tanke til i hovudet når du no skal bruke stemmeretten din. Kva er viktig for Kinn?

Eg trur folk er opptatt at vi har eit næringsliv som går godt. At vi har ein kommune som legg forholda til rette for nye arbeidsplassar.

Vi treng folk som vil flytte til oss. Då er spanande og attraktive arbeidsplassar viktig. Då handlar det om å skape bulyst.

Vi må få folk til å jobbe med eldre. Vi må vere kreative. Ikkje min ide, men kanskje «oljeturnus» må til. Las om ei eldre dame som hadde fått besøk av 40-50 ulike folk frå kommunen. Skal vi verkeleg ha det slik i 2024? Korleis kan vi legge til rette på best mogeleg vis for å endre dette?

Samarbeide med det private

Lite tomteland i Florø? Florø er ei smal stripe med for lite tomteland. Då eg bygde hus midt på 80-talet la kommunen via Flora Tomteselskap ut tomter. Dei fekk eit profesjonelt selskap til å «handtere jobben». Kanskje det er på tide å tenke nye tankar.

Samarbeid med private utbyggarar og kommunen er viktig for folk. Bustader på solrike Rota er ein god ide. Det er ikkje viktig kven som realiserer, men det er viktig at vi har poltikarar som peiker både på område og tiltak. Saman får vi det til.

Eldreomsorg og næringsliv

Dei viktige sakene for byen og kommunen er å skape gode løysingar og idear for eldreomsorg og næringslivet. Det er dette folk er opptekne av.

Kor tid startar kommunen opp med bygging av det nye «eldrehuset» der sjukehuset er idag? Vi vert alle eldre, eg og!

Vi les i avisene om satsing om eldre. Det blir fleire eldre og det vert fleire som får alzheimer. VI må ta dette på alvor.

Mange eldre er einsame, dei et for lite for dei saknar selskap. Mange her i byen gjer ein innsats via Røde Kors, nemner berre Bente Frøyen Steindal som er ein slik ressurs for eldre gjennom sitt arbeid.

Å kome saman

Eg har sagt det før og siterer ein klok mann som ein gong sa noko som vi godt kan bruke i Florø etter valet. Nemleg: Å komme saman er begynnelsen. Å halde saman er framgang. Å arbeide saman er suksess.

Tenk om vi alle kunne la vere skitkasting til andre parti og heller tenke samarbeid. Still deg heller spørsmålet – «kva kan eg gjere for at vi får denne saka gjennom?»

Kjem eg i kommunestyret, blir dette mi rettesnor.

Så når du no skal avgjere kva som er viktig for deg. Spør deg òg, kva er viktig for Kinn?