Kva har Bordgleder kosta Kinn kommune årleg så langt? Her er nokre reknestykke, basert på tal eg har henta inn og kvalitetssikra gjennom kontakt med enkeltpersonar i det kommunale systemet:

Eg reknar med 150 måltid per dag i Florø og 100 måltid per dag i Måløy (forhold 60/40).

Her er Bordgleder sine prisar ca. 200 kroner per måltid så langt, og det omfattar alle i Kinn kommune med Bordgleder sin gjeldande pris etter at dei overtok frå Måløy. Her er i tillegg med prisstigning i Måløy frå 135 kroner pr. dag, som var prisen fram til Bordgleder overtok, til 150 kroner pr. dag med mitt påslag for auka priser.

Eg samanliknar dette mot eit bindande tilbod frå Matvarehuset i Bergen, direkte levert på institusjon både i Måløy eller Florø. Her er eit enkelt reknestykke og oppsett, med dette som grunnlag – alt basert på prisar pr. år:

  • Florø med Bordgleder: kr 200 x 150 stk. x 360 = kr 10,8 millionar kroner

  • Med Matvarehuset: kr 80 x 150 stk. x 360 = kr 4,32 millionar

Dermed subsidierer vi i dag Bordgleder med kr 6,48 millionar årleg i florøregionen.

I tillegg vil dei ha ca. 1,8 millionar per år ekstra i neste års budsjett. I sum vert dette nesten 8,5 millionar i reine subsidiar.

  • I Måløy med Bordgleder: kr 200 x 100 x 360 = kr 7,2 millionar

  • Med Matvarehuset: kr 80 x 100 x 360 = kr 2,88 millionar

Vi subsidierer Bordgleder med kr 4,32 millionar årleg i måløyregionen.

Sum støtte til Bordgeder i dag pr år: kr 8.500.000,- + kr 4.320.000,- = kr 12.820.000, eller nesten 13 millionar årleg.

Måløy kunne levert billegare, men dei vart tvangslagt under Bordgleder. Målet var å spare pengar.

Men slik gjekk det ikkje. Det kosta både måløysamfunnet og Kinn kommune dyrt.

Måløy kunne levert for: kr 150 x 100 x 360 = kr 5,4 millionar. Det er altså 1,8 millionar billegare enn Bordgleder sine 7,2 millionar. Tenk på at det er 1,8 millionar billegare å få servering kok/server sju dagar i veka! Eit mykje betre, meir variert og sterkt ønska opplegg her oppe. Eg vil kalle dette på enkelt norsk språk for eit ran. Politikarane las denne informasjonen som truverdig. Ingen ville lytte til dei på kjøkengolvet som visste at Bordgleder ofte valde enkle og dyre løysingar.

Politisk kan dette ikkje lenger teiast om. Folk må sjølve få sjå realitetane i denne saka.

I Florø står dei på at dei vil ha kok/kjøl, og at dei vil ha arbeidet med å varme maten sjølve. Dette medfører bruk av pleietida på alle institusjonane. Dette er eit eineståande standpunkt. Eg trur det berre er florøværingane i heile Norges land, som vil ta på seg å varme maten gratis.

Då er saka i alle fall klar: Vil dei ikkje ha kok/server i sør, sjølv når dei har fått nytt kjøken? Vel, då treng dei eigentleg ingenting anna enn å seie ja til tilbodet frå Matvarehuset:

Matvarehuset leverer kok/kjøl til mykje lågare totalpris enn Bordgleder har i rein kostpris. I tillegg tilpassar dei til eldre, som gjerne treng meir diettar og med til dømes litt ekstra feitt i maten utan tillegg.

Min påstand er: Bordgleder er den mest subsidierte bedrifta i heile Kinn kommune.

Det er ikkje mange bedrifter som kan skilte med å få tilført om lag 13 millionar kroner årleg – for ikkje ein gong å levere varm mat, frå eit splitter nytt kjøken.

Då er konklusjonen forbausande enkel.

Kinn kommune kan enkelt vinne storpremie i Lotto på titals millionar kroner:

Sel alt de har: Panner, utstyr og det nyinnkjøpte bygget. Legg ned Bordgleder. Spar årsverk til andre oppgåver, kvitt dykk med styre og styreleiar, spar pengar på revisjon og mykje, mykje anna, i tillegg til at kommunale årlege kostnader kan strykast. Mitt anslag på desse innsparingane ligg samla på opp mot 40 millionar kroner.

Resultatet vil bli eit mykje betre og billegare tilbod til brukarane. Matvarehuset opererer i ein heilt annan divisjon enn Bordgleder, som har fått leika butikk i butikken lenge nok.

Med så store innsparingar kan Florø i staden satse på kok/server i heile kommunen. Slutt med tøvet om å varme maten sjølve, og slutt å tru på styreleiaren i Bordgleder. Han har ikkje tent Kinn kommune i denne saka. Eldrerådet i Kinn er samrøystes og krystallklare om at dei ønskjer seg kok/server. Når politikarane sviktar, kan kanskje dei vise veg?

Tek ein desse grepa, blir resultatet årlege millioninnsparingar. Det vil vere pengar til overs til å oppretthalde skular og til andre gode, naudsynte tiltak i Kinn kommune. Men så spørst det, då: Det hastar om vi vil ha det nye kjøkenet i Florø inn i den nye planlagde sjukeheimen, der det faktisk burde vere! Eller er det for seint?

KJELDEGRUNNLAG:

Underteikna har i samband med innhenting av talgrunnlag til denne teksten, snakka med tilsette i kommunen på ulike nivå, innhenta prisar frå Matvarehuset, snakka med tidlegare eksterne kundar hos Bordgleder, samt lese det meste som er formidla om Bordgleder i lokalavisene og kommunale dokument. Eg har også følgt dei politiske sakene om temaet i Kinn-politikken og lytta til fleire av debattane om matleveransar til dei eldre i kommunen.

Dette innlegget er lagt fram leiinga i Bordgleder KF for samtidig imøtegåing, noko dei ikkje ønskjer (red. merkn).