Realismeprosjekt 

Det er fleire store saker det er diskusjonar kring. Det er Nordfjordbrua, ny tunnel under den gamle Lotetunnelen, vern av kystsona rundt Stadlandet for blant anna å stoppe taretråling, og for eller i mot bompengar.

Eg synest det er nesten trist å sjå korleis dei andre politiske partia argumenterer rundt desse sakene. Frå min ståstad taper all natur uansett, det seg vere kyst, fjord eller fjell. At Alfred Bjørlo og ordføraren no plutseleg ser ut til å stå på kvar si side i kva dei meiner er viktig er forunderleg for meg. Som naturforkjempar i meir enn to tiår så er det nettopp desse to partia som har vore mest for nedbygging av natur i Nordfjord, og det tykkjer eg dei kan vere ærlege på.

Eg trudde faktisk at ein valt stortingsrepresentant frå Nordfjord kunne gjere meir for heimstaden vår enn å skrive lause retorikkar om kven som skal gjere kva. Eg meiner at om Bjørlo verkeleg meiner det han seier om naturvernsaker i Nordfjord, så burde han som stortingsrepresentant gjere ein betre jobb.

Når det kjem til brua og tunnelen, så ser eg at det er viktigare å argumentere i mot bompengar enn å diskutere dei store naturinngrepa det blir, spesielt for fjorden. Det er faktisk irriterande arrogant å lese det som vert sagt frå Høgre og Framstegspartiet, begge desse er for all utbygging, samstundes som dei lovar null skattar og bompengar på slike prosjekt. Dette er noko spesielt Frp har bomma fullstendig på dei siste ti åra. Alle slike store prosjekt kjem til slutt med bompengar uavhengig av kva som vert lova på førehand.

Ei annan forunderleg sak er korleis kommunen kan gå inn for slike store milliardprosjekt når økonomien vi politikarar vert presentert er så pressa at viktige funksjonar innan helse og utdanning vert trua med nedskjeringar, er for meg personleg heilt uforståeleg. Det er betre å la naturen få fred, og satse på nettopp desse to viktige funksjonane som helse og utdanning er. For naturkrisa er reell og kan ikkje argumenterast vekk for arbeidsplassar. Kunnskap må på plass, ikkje meir nedbygging.