Dette innlegget er skrive av Jan Per Løken frå Nordfjordeid.

– Kva betyr delt kommunesenterfunksjon?

Kva betyr det at Kinn kommune skal ha delt kommunesenterfunksjon? Ettersom dette var avgjerande for utfallert må det sikkert vere veldig viktig. Men kva inneber det i praksis?

Eit kommunesenter skal vel ha rådhus. Skal det i Kinn kommune vere eit rådhus i Florø og eit rådhus i Måløy. Skal dei bruke desse rådhusa vekselvis? Men det er jo dei same folkevalde som skal ta avgjerd same kva for eit rådhus som vert vald.

I ein og same kommue er det berre eitt kommunestyre, ein ordførar, ein varaordførar, ein rådmann eller råd. Det skal vere berre eitt formannskap tilliks med dei andre politiske utvala. Betyr delt kommunesenterfunksjon at der skal vere dobbelt sett med byråkratar som skal førebu sakene for avgjerd i deira aktuelle rådhus?

Kva med fordelen? Skattemessig er det ikkje noko å hente. Skatten går inn i den same kommunekassa.

Eg spør i gjen: «kva er det som er så avgjerande viktig med å ha delt kommunesenter?» Det kan vere at byane skal ha lik status. Men meirkostnaden med systemet gir neppe betre avkastning i form av status enn om kommunane stod åleine. Ein viktig intensjon med kommunereforma er å spare pengar og å samle fleire til ei meir fagleg «robust» eining.