Kommunestyremedlem i Vågsøy, Ørjan Kvalheim (H), har skrive dette lesarinnlegget:

«Eg er tilhengar av Kinn»

Eg registrerer at det er fleire som etterlyser lokalpolitikarane i Vågsøy, og kanskje aller mest politikarane i Vågsøy Høgre sine meiningar og engasjement i prosessen kring Kinn og den kommande folkeavstemminga. Eg er som kanskje kjent, kommunestyremedlem for Vågsøy Høgre, og er inne i mi første periode som folkevalt. Eg er ein av dei 16 kommunestyremedlemmene som i det ekstraordinære kommunestyremøte 30. mars 2017 stemde for intensjonsavtalen mellom Vågsøy og Flora i kommunestyret og samanslåing frå 1. januar 2020.

Då spørsmålet kring folkeavstemming kom opp i kommunestyremøtet 1. februar i år, var eg også ein av dei som stemte for at folket skulle få gje sitt råd i denne viktige avgjerda. Eg var veldig i tvil om dette var det riktige å gjere. Men dels på grunn av det høge talet på underskrifter frå innbyggarane og dels på grunn av det eg oppfatta som ein svært opphissa stemninga i kommunen, i lokalaviser og på sosiale medium, landa eg til sist på denne avgjerda. Om eg i dag meiner det var det riktige å gjere, kjem eg tilbake til seinare i innlegget.

Eit av dei andre initiativa som eg har lyst å trekke fram er Facebook-sida «Vi som heier på Kinn». Den har så absolutt klart å fylle eit tomrom, og klarer på genialt vis å vise ansikt og gi ei konkret stemme i debatten. Det er veldig interessant og inspirerande å lese alle dei forskjellige menneska sine tankar, forventningar og opplevingar kring Kinn. Sjølv om det ikkje er lagt opp til diskusjon på denne sida, har den sørga for at fleire stemmer blir høyrde.

Snart blir viktige funksjonar fordelt mellom kommunesentra og alt vert gjort enno meir konkret og synleg. Og for kvar dag som går blir dei tilsette i dei to kommunane betre kjende med kvarandre og synergi og forventningar blir skapt. Eg føler kanskje vi som folkevalde skuldar dei tilsette ei orsaking for at prosessen har måtte ta ein meir krunglete veg enn nødvendig, men mitt håp og forventning er at vi skal fullføre det vi har starta og at vi kjem i mål på ein god måte.

No er det snart berre to månadar att til det viktige valet i juni. Uansett om ein er for eller imot Kinn, fortener denne viktige saka at kvar enkelt innbyggjar brukar tid og les den informasjonen som ligg tilgjengeleg og møter opp for å gje si stemme. Så håpar eg at du er like overtydd som meg om at Vågsøy og Flora saman blir ein sterk kystkommune, både framtidsretta og godt rusta til å levere gode og nære tenester til innbyggjarane.