Kva med å sprite ned stemninga litt?

Korleis kan vi bidra til mindre diskriminering og utanforskap? Dette er årets tema for verdsdagen for psykisk helse 10. oktober. Visste du at kva du tenker om alkohol, kan spele ei rolle?

Liker du å drikke? Då er du ikkje åleine. Omtrent alle nordmenn drikk alkohol.

Mange liker det fordi dei synest det gjer sosiale settingar lettare. Vi senkar skuldrene og tør å snakke litt friare. Vi liker at det av og til gjer vegen til gode samtalar med nære venner kortare. Og ikkje minst liker vi rusen.

Men medaljen har òg ei bakside. Det handlar ikkje berre om avhengigheit, men om korleis forholdet vårt til alkohol skaper utanforskap, diskriminering og sjukdom.

For det er mange som drikk lite eller ingen alkohol – av ulike årsaker. Har du tenkt på at korleis vi steller oss til og legg opp til å bruke alkohol i sosiale settingar, kan verke ekskluderande for dei? La oss vere ærlege: Vi er flinke til å inkludere alkohol i det sosiale, anten det er lønningspils, øl til fotballkampen, vin til Netflix eller middagsbesøk, dugnad, spelkveldar, byturar, bursdagar eller gravferder.

Alle dei sosiale arrangementa som involverer alkohol, kan føre til at dei som ikkje drikk, eller som drikk lite, kjenner seg utanfor. Anten fordi dei ikkje ønsker å delta, fordi dei opplever det ubehageleg, eller fordi dei ikkje føler seg velkomne. For er vi ikkje mange som ser med eit litt skeivt blikk på dei som ikkje drikk alkohol, spesielt når vi drikk sjølve? Ingen liker edrue vitne på festen.

I veldig mange situasjonar opplever dei som ikkje drikk, eller som drikk lite, eit sterkt drikkepress. Undersøkingar viser at fleire synest det er vanskeleg å takke nei til alkohol på sosiale arrangement i regi av jobben. Slik bør det ikkje vere. Arrangementet og det sosiale bør vege tyngst – ikkje rusen.

Korleis vi tenker på og snakkar om alkohol, kan bidra til sjukdom òg, ikkje berre til utanforskap. For samtidig som det er ei sterk norm om at ein skal drikke alkohol i Noreg, er det ei like sterk norm om at ein skal klare å kontrollere alkoholbruken sin. Du kan godt bli full, for all del – men du skal ikkje ha noko problematisk forhold til alkohol. Det er tabu. Stien er smal når vi snakkar om det mest utbreidde rusmiddelet i Noreg. Det gjer at dei som har utfordringar, kvir seg for å snakke om det og bruker lengre tid på å innrømme det for andre – og dermed tek det òg lenger tid før dei oppsøker hjelp. Som med annan sjukdom (ja, alkoholproblem er klassifisert som psykisk sjukdom) er tidleg oppdaging og behandling viktig.

Vi har lyst til å komme med to oppfordringar til deg i samband med verdsdagen for psykisk helse.

For det første: Ver bevisst på at det kan vere mange grunnar til at nokon ikkje drikk eller ønskjer å drikke litt mindre. Du treng ikkje å spørje kvifor, sjølv om du er nysgjerrig. Tenk deg heller om ein ekstra gong når du inviterer til sosiale møte, anten det er snakk om eit jobbarrangement, ein helgetur, ein spelkveld eller ein middag: Treng du å servere alkohol? Må det drikkast så mykje?

For det andre: Ver med på å redusere stigmaet og tabuet det er å slite med alkohol. Vi må vise kor normalt det er, slik at folk tør å oppsøkje hjelp. For det gjeld mange. Heile 13 prosent av befolkninga har eit risikofylt forhold til alkohol. Og sjølv om det ikkje er lett å vite kven det er, så er det mange naboar, familiemedlemmer og venner. Våg å snakke om dei negative sidene ved alkohol, og om at drikkemønsteret vårt kan vere uheldig, skadeleg eller farleg. Ver open, still gjerne spørsmål dersom du er uroleg, og tenk gjennom korleis du snakkar om folk som slit med alkohol.

Tek du med deg desse to oppfordringane, bidreg du til auka fellesskap og redusert utanforskap.

Takk!