Det er ikkje berre sjølve valresultatet som skapar spenning og dramatikk når det er kommune- og fylkestingsval. Spenninga kan vere til å ta og føle på i fleire veker etterpå. Så snart valresultatet er klart, er det stor aktivitet der ulike forhandlingsdelegasjonar spring på kryss og tvers for å samle eit fleirtal.

I Kinn kommune sprang dei heilt til torsdag natt, og blei sist i Sogn og Fjordane med eit styringssamarbeid – som vanleg.

Forhandlingar er ein del av demokratiet. Dei komande kommunestyrerepresentantane har først blitt nominert på ei liste for så ha blitt vald inn i kommunestyret av innbyggarane. Det betyr at dei forhandlar på vegner av veljarane og politikken dei representerer.

Forhandlingar kan gjerast på fleire måtar. Dei kan vere ryddige eller uryddige, opne eller lukka, ha ein politisk agenda eller ein meir personleg agenda. Det blir forhandla om både politikk og posisjonar. Måtane forhandlingane blir gjort på kan påverke samarbeidsklimaet for heile komande kommunestyreperiode.

Forhandlingar går som oftast føre seg bak lukka dører, og vi får ikkje vite noko før forhandlingane er ferdige. Andre gongar kjem det ut opplysingar medan forhandlingane held på.

Nokon tenker kanskje det er bra at alle får vite alt gjennom heile prosessen. Då kan veljarane også vere med på å påverke forhandlingane. Men ein kan spørje seg om ein på den måten vil kome i mål med noko som helst.

Forhandlingane har no landa i både Stad, Bremanger og Kinn. For Kinn sin del med noko meir støy i prosessen enn dei andre. Også det som vanleg.

No spørst det om det komande kommunestyret, både i Kinn og dei andre kommunane, er klare til å gjere ein god jobb for innbyggarane. Har forhandlingane lagt til rette for eit føreseieleg og konstruktivt politisk samarbeid i staden for å øydelegge for det?

For det er mykje å ta tak i for det nye kommunestyret, og ein har ikkje råd til å bruke tida på støy, personkonfliktar og maktkamp.