For Kinn Ap er det viktig at kommunen vår skal vere ein god kommune å bu i for alle livsfasar, at næringslivet skal ha gode vilkår for vekst og utvikling og at vi skal ta klimautfordringane på alvor. For oss er arbeid, velferd og klima dei viktigaste prioriteringane.

Våre kjerneverdiar er fridom, likskap og solidaritet. Fridom for nokre skal ikkje avgrense fridomen for andre. Vi er oppteken av at alle skal ha moglegheita til å lukkast. Årets lokalval handlar nettopp om dette.

Kinn skal vere attraktiv og raus med både eigne innbyggarar og våre naboar. Vi skal skape for å dele og vektlegge berekraft i alt vi gjer. Kinn kommune skal vere ein sterkt synleg kommune i Vestland fylke og nasjonalt.

Kinn kommune er eit Norge i miniatyr, vi har både utfordringane og moglegheitene som resten av landet vårt har.

Kinn er eit tyngdepunkt på kysten og ein motor for å utvikle kystnæringar og sikre folketalsutvikling. For å få til dette skal vi legge til rette for fleire og meir varierte arbeidsplassar.

I komande periode må vi framleis arbeide med å styrke kommuneøkonomien. God og trygg styring er den beste måten å bestemme utviklinga i eigen kommune på. Ap er eit ansvarleg parti, det betyr at vi må gjere tøffe prioriteringar.

I komande periode skal vi ruste oss for å ta vare på fleire eldre med omsorgsbehov. Ny institusjon i Florø vil vere den viktigaste investeringa dei neste fire åra.

Ny Skram skole er avgjerande å få på plass. Arbeidarpartiet er garantisten for at alle vert sett og verdsett i alle livsfasar. Med gode oppvekstvilkår, barnehagar og skular skapast framtida vår.

Store kommunale investeringar krev at vi legg til rette for næringsliv i utvikling og endring. Elles klarar vi ikkje å finansiere løfta – vi må skape for å dele. Gode næringsareal, nok kraftforsyning og vegar er avgjerande om vi skal lukkast med å utvikle eksisterande og ny industri.

Vi får til meir saman, enn kvar for oss.

Når det er krevjande tider og usikkerheit for framtida er det ekstra viktig med trygg styring. Historia viser at like moglegheiter, små skilnadar mellom folk og høg tillit er avgjerande for å komme styrka ut på den andre sida.