Tunnelsjokk eller tunnelsyn frå regjeringa?

Stad SV mistenker regjeringa for kanskje å ha fått tunnelsyn. Dei er i alle fall så konsentrert om alt anna enn Vestlandet for tida, at dei ikkje ser heile biletet.

Norge er ein sjøfartsnasjon og vi treng ikkje fleire utgreiingar for å få skipstunnelen ut på anbod. Det er ikkje til å tru at regjeringa kutta dette prosjektet no!

Stad SV påpeika på siste fylkesårsmøte kor viktig det er for oss at Stad skipstunnel ligg fast i fylkesvalprogrammet. Vestland SV støttar bygging av tunnelen, og Stad SV vil ta kontakt med partiet sentralt i denne saka.