Florø ungdomsskule kan ikkje ta fleire salderingar og/eller ostehøvelkutt!

Kjære politikarar og folkevalde, korleis vil de at skulen i Kinn skal vere for barn og ungdommar, dokkar barn og barnebarn?

I denne tida når det skal sparast i alle kantar og baugar, er det framtida til desse vi set i spel. Dette gjeld oss alle, for kven skal drifte og forvalte denne kommunen i framtida?

Jau, det er desse barna og ungdommane som går i skulen i dag og framover. Det er dokkar oppgåve å syte for at dei har dei beste forutsetningane og er rusta for oppgåvene som ligg føre dei. Då treng dei gode vaksne rundt seg, som har tid til å sjå dei, undervise dei og hjelpe dei å takle nokre av utfordingane dei står i.

Florø ungdomsskule er den største reine ungdomsskulen i gamle Sogn og Fjordane. Vi har pr. dato 462 elevar som er fordelt i 17 klassar, med seks (6) parallellar på 8. og 10. trinn, og fem (5) parallellar på 9. trinn. Skulen har ei stor og mangfaldig elevgruppe, og opplever for tida ei formidabel auke i behovet for spesialundervisning og enkeltbehov. Elevane sine behov er forankra i sakkunnige vurderingar. I tillegg er Kinn ein vertskommune for asylmottak. Dette er noko som ikkje er tatt høgde for i verken prognose for elevtal eller i budsjett.

På ein stor skule med store grupper på alle nivå må lærarane bruke mykje tid på saksbehandling knytt til det skjerpa regelverket for å kunne ivareta kvar enkelt elev sine rettar. Dette skjer i ei tid der vi opplever stor auke i elevar som treng ekstra oppfølging med si psykososiale helse- eit område som i Kinn kommune er delegert til skulen.

I rapporten, Omstilling og tilpassing til endra rammevilkår, viser de til ei stor samla elevnedgang i Kinnskulen, på sikt vil det også gjelde Florø ungdomsskule, men det er ikkje situasjonen i dag. Skulen har hatt ei positiv elevutvikling sidan 2018- den gang med 420 elevar. Vi har altså pr i dag eit aukande elevtal. Likevel- så opplever vi kutt på kutt med ostehøvel, noko som rammar oss ekstra. Dess fleire elevar vi har fått- dess større vert kutta. Vi opplever altså ei omvendt demografiutfordring!

Vi ser at kostnaden pr. elev i Kinn er ca. 140 000. På Florø ungdomsskule er snittkostnaden pr. elev litt i overkant av  90 000. Prisen for store klassar kan målast i tal, kostar mindre i kroner, men kva kostar det eigentleg for elevane?

Vil du som politikar vere med på å gjere tilhøva ved ungdomsskulen for våre ungdommar enda meir utfordrande? Er det rett at dei store skulane skal kutte mest? Dei store skulane som har utfordingar som dei små ikkje har, i like stor grad

Vi ser at skulen har utvikla seg til å bli ein institusjon som forvaltar utruleg mange oppgåver. Eit samfunnsoppdrag som er i ei slik endring at det til tider kan opplevast som heilt uoverkommeleg. Vi som jobbar i skulen gjer det fordi vi meiner vi har verdas beste jobb, stort sett. Vi er oppriktig interessert i desse ungdommane og vi jobbar for at dei skal klare seg og lukkast i vidare i livet, men la oss få jobbe i ein skule som ikkje er blitt ein salderingspost! Den økonomiske ramma må ta høgde for at skulen skal møte alle barn og unge på deira nivå og med deira utfordring. Skulen er underlagt ei heil rekke lovkrav, hovudsakleg formulert i Opplæringslova. Vi nemner spesielt kap 1-3 Tilpassa opplæring, kap 5 Spesialundervisning, kap 9A Elevane sitt skulemiljø og kap 13.10 Ansvarsomfang for kommunen og fylkeskommunen:

§ 13-10.Ansvarsomfang for kommunen og fylkeskommunen Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for at krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte, også å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast.

Florø ungdomsskule kan ikkje ta fleire kutt, ostehøvel eller anna. Då vil vi ikkje kunne innfri ei opplæring i høve regelverket/ lovpålagte oppgåver!