Lokalval – sjølve festen for lokaldemokratiet

Måndag 11. september er det kommune- og fylkestingsval. Då kan du og eg og alle andre over 18 år vere med å bestemme kven vi vil skal styre kommunen vår og fylket vårt dei neste fire åra.

Det siste året har ei rekkje politiske parti jobba knallhardt med å utarbeide politikk ein meiner vil vere god for lokalsamfunnet, og å finne folk som kan og vil stå på liste. Det siste er ofte det aller vanskelegaste. Stadig fleire vegrar seg for å stå på ei valliste, det er nok mange grunnar til det. No er det uansett mange ferdige lister – 9 partilister her i Stad og heile 18 lister i Vestland fylke – med ei rekkje spennande namn. Nokre er erfarne og veit godt kva dei går til, andre er heilt ferske. Felles for alle er at dei er villege til å bidra i den dugnaden lokalpolitikken er. Det skal vi vere glade for.

No har partia gjort sitt, no er det veljarane sin tur. Eg meiner at det aller beste lokaldemokratiet får vi dersom dei folkevalde speglar befolkninga i størst mogleg grad. Ikkje berre med omsyn til kor ein bur. Men kanskje like viktig er god kjønnsbalanse, god alderssamansetjing, ulike livssituasjonar, ulik etnisk bakgrunn.

Skal vi få til dette, kan du som veljar bidra ved å gi kryss eller «slengar» (kryss til nokon på ei anna partiliste enn den du velger, dette kan ein berre gjere på kommunelistene) til dei du meiner bør vere med i kommunestyre eller fylkesting. På denne måten kan kvar enkelt av oss veljarane vere med å påverke korleis det neste kommunestyret skal vere samansett. Statistisk er det særleg godt vaksne menn som sit i kommunestyra. Det er sjølvsagt ikkje noko gale med desse, men eg ønsker meg fleire med.

Så kjære veljar:

Gi oss mangfald i kommunestyret!

I dag startar førehandsrøystinga. No kan du røyste på det partiet du vil og krysse på dei personane du vil, og det kan du gjere frå kor som helst i landet til og med fredag 8.september. På sjølve valdagen må du røyste i vallokale her i eigen kommune.

Det betyr at frå i dag til og med 11. september kan akkurat du vere med å bestemme. Det bør du nytte deg av – bruk stemmeretten!