I strålande vær og i flotte omgjevnader, i Gloppen, la regjeringa fram sine distriktspolitiske grep 20. juni. Ambisjonen for folketalet er auke i distriktet, ifølgje regjeringa. Korleis det skal skje, var litt meir uklart, ikkje minst når fødselstala er lågare enn nokosinne, både i bygd og by. Løysninga til regjeringa ser ut til å vere i særleg grad at alle skal kunne byggje seg større husbankfinansierte hus, og fleire av oss skal få lokale lensmannskontor.

Distriktspolitikk er ikkje ein enkel øving. Sentraliseringa har gått over mange tiår, sjølv om ei eldre befolkning i mange kommunar gjev redusert flyttestraum mot byen. Kva kan ein gjere?

Distriktspolitikk må vere noko anna enn å fokusere på å få potensielle barnefamiliar på plass i distriktet. I 2014 skreiv Maria Dyrhol Sandvik den etter kvart svært kjende teksten «Men livmora mi får du aldri» der Møre og Romsdal fylke si haldning til kvinner og tilflytting, den gongen, vart kritisert, som vel instrumentell. Kvinner kan meir enn å føde born, og kvinner har ikkje alltid lyst til å føde born heller.

Eg tenkjer at ein bør ein snakke meir om fridom i distriktspolitikken. Målet må vere at den enkelte opplever at den har fridom til å busetje seg der ein vil, fridom til å ta med seg arbeidet sitt der ein ynskjer å vere, fridom til å velje sjølv og til å vere seg sjølv. Kanskje må ein snakke meir om rettferd og fordeling av offentlege kompetansearbeidsplassar. Ikkje alle statlege stillingar skal samlast rundt ein smal hovudstadsregion. Breidda av perspektiv må med. Kompetanse kan også byggjast lokalt. Mange utdanningar kan takast desentralisert, med godt resultat, gjerne i samarbeid med det lokale arbeidslivet. Her må vi bli flinkare til å til rettelege.

Bustadmangel er ein kjend flaskehals, særleg er årsaka til dette verditapet på nybygde bustader i distriktet og det går fram ikkje av meldinga korleis bustader for dei som ynskjer å prøve bygda, skal skje. Ei løysing kan vere at kommunane i større grad byggjer og utviklar bustader for leigeperiodar, dette kan også vere ein fordel for kommunen med omsyn til å skaffe fagfolk og kompetanse, til kommunen og næringslivet der. Kanskje kan kommune og næringsliv her ta meir grep saman? Ei anna løysing, som har vore føreslege før, er skattefritak for utleigeinntekter i distriktet. Dette kan vere verdt å prøve ut. Ein potensiell jobbsøkjar bør ikkje avvisast på grunn av bustadmangel.

Eg trur fridom er ein viktig verdi å hegne om, når ein snakkar om korleis bygdene sine behov skal varetakast. Fridom til å bu der ein vil, er overskrifta slik eg ser det.