Myrmelstunnelen

Den nye vegen gjennom Myrmel har vore ferdig sidan august i fjor, og dei tekniske installasjonane var ferdige i fjor haust. Likevel må bilistane enno finne seg i å køyre rundt Myrmel på gamlevegen, medan lyset skin ut av tunnelmunningane. Tunnelen er klar til bruk, skriv Firda 5. januar.

No skal tryggleiken i tunnelen dokumenterast, og deretter skal  Vegdirektoratet bruke heile seks veker på å godkjenne papirarbeidet om tunnelen. I mellomtida står den ferdige tunnelen der og lyser, medan trafikken går tolmodig rundt på den smale og dårlege gamlevegen. Lokal prosjektleiar fortel om planlagt opningsseremoni 6. februar, der samferdsleministeren er venta.

Helse Førde sine ambulansar passerer Myrmel fleire gonger kvart einaste døgn, nokre gonger under utrykning der kvart minutt og sekund kan vere avgjerande. No midt på vinteren er beredskap, god framkommelegheit og tryggleik for våre utrykningskjøretøy spesielt kritisk.

Derfor framstår det som uforståeleg at ein heilt ferdig, nybygd tunnel, ein kilometer lang og bygd etter alle moderne forskrifter, må stå stengt i vekesvis. I dei tøffaste vintervekene ønskjer altså Vegvesenet at den kortaste vegen på E39 - rett, brei, godt opplyst og snøfri - skal ligge der unytta.

Statens Vegvesen må gjerne ha opningsseremoni i februar, men tunnelen er ferdig no. Så set på trafikken, snarast råd!