Til Kinn kommunestyre

Vågsøy pensjonistlag er svært opptekne av kjøkkensaka, og med dei siste signala som kjem frå kommuneadministrasjonen, er det naudsynt at vi må kommentere saka.

Kinn kommunestyre bestemte i møte i juni 2023, at det kommunale kjøkkenet i Måløy skal gjenopnast, og stå klart til februar månad i 2024. Dette etter mange protestar frå brukarar og personale i Kinn nord.

Dette vedtaket vart svært godt motteke i vårt distrikt, og alle såg fram til å få god lokalprodusert mat etter lang tid med vekslande kvalitet på maten.

Når så kommunale leiarar står fram på sjølvaste eldredagsfeiringa og lovar at dette skal gå vår veg, og kjøkkenet er på plass over nyttår i februar, så er det heilt klart at dette var for oss nesten som sjølvaste julaftan.

Men kor lenge var Adam i Paradis?

Det siste vi høyrer no, er at det ligg føre framlegg om å utsetje kjøkkensaka på ubestemt tid. Dette betyr i våre auge at vi neppe får noko gjenopning av kjøkkenet i overskodeleg framtid.

Det er sørgeleg å oppdage at kommunen ikkje bryr seg meir om ei så viktig sak, enn at dei heilt ser bort frå dei lovnadene og vedtak som er gjort.

Dette er heilt klart å halde folk for narr.

Vågsøy pensjonistlag håpar no at dei nye kommunestyrerepresentantane er seg sitt ansvar bevisst, og syter for at nye handsamingar resulterer i at kjøkkenet står klart til bruk i februar 2024.

Dette er eit klart krav fra våre eldre i nordre Kinn. Vi kan ikkje godta nye utsetjingar.