Utsikta frå eit kontorvindauge er vel kanskje ikkje det viktigaste ein tenkjer på. Men det hender at utsikta får ein til å tenkje på noko som er viktig.

Då det 59 meter høge cruiseskipet MSC Magnifica la til kai rett framfor lokala til Fjordenes Tidende, fekk vi ei ny utsikt den dagen. Utsikta var så spennande at Fjordenes Tidende ville dele ho med fleire med å sende direkte videostrøyming frå kontorvindauget.

Det var også ei utsikt som sette tankane i sving. Om bord i cruiseskipet var over 3.000 menneske frå fleire land. 1.000 av dei gjekk i land og ville oppleve Måløy og områda rundt. Eit cruiseskip som legg til kai vil kanskje nokon seie ikkje er noko stor sak, men dette besøket vart spesielt på fleire måtar.

Vi kjende på gleda av å få besøk. Det var kjekt å sjå så mange menneske frå fleire land som ville bli meir kjent med heimstaden vår. Etter år med korona og reiserestriksjonar merka vi at dette hadde vore eit sakn. Det kjendest som vi alle fekk besøk av verda då MSC Magnifica la til kai denne dagen.

Det er ulike meiningar om turisme om cruiseskip, men det er ein heilt annan debatt. Dette handlar om noko anna. Utsikta frå kontorvindauget minna oss om at vi alle bur på den same planeten, sjølv om vi kjem frå ulike land. Det var ei god kjensle av fellesskap mellom menneske frå ulike land.

Det var godt å bli minna på gleda ein får av å besøke menneske andre stader i verda, det å bli kjende, lære, forstå og utvide horisonten. På same tid slo det oss at det ikkje er sjølvsagt at vi kan ha det slik. Krigen i Ukraina og den urolege situasjonen i verda minner oss om at freden og fridomen heile tida er truga. 8. mai markerer vi at Norge i 1945 vart fritt etter fem år med militær okkupasjon. Kampen for fred og fellesskap i verda held fram. Fred og vennskap på tvers av landegrenser må vi kjempe for.