Befolkningsnedgang i distrikta – ei utvikling vi må snu før det er for seint

Eg ser på det som svært viktig at vi bremser den akutte befolkningsnedgangen i distrikta, og at vi set gang i arbeidet med å rekruttere folk tilbake til utkantkommunane.

Høg vekst i talet på eldre og reduksjon i talet på barnefamiliar er ein trussel for utvikling av berekraftig lokalsamfunn og bygder på Vestlandet.

I mai 2023 publiserte Statistisk sentralbyrå (SSB) ein rapport som viser at trenden med at flyttestraumen går frå distrikta til meir urbane strøk held fram. I Vestland fylke er Fedje, Eidfjord, Ulvik, Vik, Solund, Hyllestad og Bremanger dei som er hardast råka.

For å stagnere folketalsnedgangen og evt. klare å skape vekst i folketalet må ein få innbyggjarar til å bli verande i området, samt gjere det attraktivt for tilflyttarar å busetje seg i distrikta. Tilbod og tenester som synes ekstra viktige for potensielle tilflyttarar er:

  • Tryggheit for at dagens tenestestruktur innan helse og oppvekst vert oppretthalde

  • Oversikt over møteplassar, aktivitetar og arrangement

  • Imøtekomande og inkluderande lokalsamfunn

  • Arbeidsplassar

  • Gode kommunikasjonar som tilretteleggjar for pendling til nabokommunar

  • Tilgang på gjennomgangsbustader

  • Tilgjengelege og attraktive hustomter

Dette gjeld ikkje berre for å rekruttere unge tilflyttarar, men også for å vise at her kan det vere ein god plass å bli verande, også når man blir eldre. Aktivitetstilbod og møteplassar for eldre er sentralt for trivsel og god helse. Dei eldre er ein viktig ressurs for det frivillige samfunnslivet og det er viktig å inkludere denne aldersgruppa i frivillig arbeid, dugnadar osv.

Kommunane kan ikkje gjer jobben aleine – her er vi alle nøydd å mobilisere og bidra! Organisasjonane rundt i dei forskjellige bygdene må sjå mot det som for eksempel Iglandsvik Utvikling i Bremanger kommune gjorde i 2022/23. Dei fekk med seg dei andre organisasjonane og frivillige i ytre del av kommunen og gjennomførte ei nærings- og verdiskapingsanalyse i samarbeid med PWC. Det vart invitert til folkemøte både for fastbuande og tilreisande, og det vart gjennomført fleire nettbaserte møter med fråflytta ungdom og vaksne. Det var nokre spørsmål som gjekk igjen; kva er dei viktigaste kvalitetane i Ytre Bremanger, kva tilbod saknar du vinterstid, kva saknar du sommarstid, og kva 3 moment må vere på plass for å skape tilflytting? Det gav oss ei god innsikt i kva tenester og tilbod man hadde i Bremanger og kva folk sakna bl.a. innanfor oppvekst, helse, omsorg, og kultur og fritid.

Vi i Bremanger kommune er smerteleg klar over utviklinga vi står ovanfor, då vi er best i Vestland fylke på befolkningsnedgang. Sjølv om eg no har nemnt mykje frå Ytre Bremanger, betyr ikkje det at man ikkje jobbar andre plassar i kommunen med å snu dette. Vi har for eksempel Nordfjordakademiet, Ålfoten Liv og Lyst, Svelgen Opp og Fram, og Facebook-sida «Bulyst i Bremanger kommune». I tillegg jobbar både politikarar og tilsette i Bremanger kommune med rekruttering til kommunale arbeidsplassar og tenkjer det heilhetlige – bustad, oppvekst og kultur, sjå på å redusere studielån og å gje tilskot til rehabilitering av eldre bustadar. Her ligg noko som kan vere en del av fasiten – vi må jobbe ilag for heile Bremanger kommune for å snu utviklinga.