Dette innnlegget er skrive av Aage Kvendseth frå Davik:

Til poliitkarane i Bremanger kommune

Etter Folkemøtet som vart halde på Davik denne veka, har eg gjort meg nokre tankar om kva eg ønskjer at de som er politikarane våre skal ta omsyn til når de skal spele inn forslag til vegtrase gjennom kommunen vår:

1. Veg Sørdalen-Grov. Her må de sjølvsagt velje den austre traseen. Kvifor skulle vegen svinge mot vest og ikkje ta rettaste strekninga til Grov? Alle innbyggjarane i Bremanger kommune, frå ytre, indre eller midtre del, vil vere best tente med å få kortast mogleg vegstrekning til Sentralsjukehuset i Førde. Med tanke på akutte situasjonar som t.d. fødslar. Vi toler heller å bruke nokre minutt ekstra for å komme oss til jobb eller til flyplassen i Florø.

2. Veg Sørdalen-Naveosen. Denne vegstrekninga blir det vanskelegare å einast om. Her er det ulike interesser blant folk som bur i kommunen. For innbyggjarane i indre er det sjølvsagt Oteren-Maurstad som er det beste valet for fjordkryssing. For innbyggjarane i Svelgen og omegn er dette alternativet ikkje noko dårlegare enn dei to framlegga for fjordkryssing i ytre del.

Dei fleste trafikantar unngår då å køyre over Rugsundbrua i dårleg ver. Den er som kjent ofte stengd på grunn av vind. Folk frå ytre Bremanger får noko lengre veg på denne sida av fjorden dersom målet deira er Måløy. Men skal dei nordover til Sunnmøre, austover via Strynefjellet eller berre inn til Eid, blir ikkje vegen lengre for dei heller.

Hevar vi blikket og ser heile kystvegen Bergen-Ålesund under eitt, er det etter mi vurdering ikkje tvil om kvar fjordkryssinga bør vere.

Vi treng ikkje svinge utom verken Måløy eller Florø. Begge desse byane har i dag gode tilførselsvegar til kystvegen gjennom riksveg 15 og 5.

Det vi i Bremanger kommune treng, er gode tilførselsvegar frå Kalvåg og innover og frå Davik og utover. Her har vi i dag ein mildt sagt elendig standard på vegane våre. Vi treng ikkje gul stipe i midten, men ein veg som er oversiktleg og brei nok for vanleg trafikk.

Berre med fjordkryssing over Oteren, vil vi kunne få ferjeavkortingsmidlar for to ferjer. Med  ei bru i ytre vil ferja Isane –Stårheim sjølvsagt måtte gå som før, slik det kom fram på folkemøtet.

Dette er omsyn som politikarar og styresmakter må ta med i den totale rekneskapen når valet mellom desse tre alternativa skal gjerast.

Det ser ut til at dette synet også får støtte frå kommunane nord for oss, Selje og Eid, og trurleg også frå kommunane på Sunnmøre.