Angåande Bryggja omsorgssenter

Til ordførar, kommunestyre og administrasjon i Stad kommune.

Bryggja Pensjonistlag har i medlemsmøte 29.11.2023 samla seg om fylgjande uttale ang. Adm. sitt framlegg om å avvikle Bryggja Omsorgssenter i løpet av 1. halvår 2024:

I desember 2022 kom «bomba» som sjokkerte oss alle sterkt: Omsorgssenteret skal bort. Omgåande. Bebuarar, pårørande og tilsette vart varsla nokolunde samtidig. I kommunestyret enda det då likevel slik at senteret skulle drivast vidare.

No, i desember -23, kjem same trugsmål og framlegg frå kommunen: Bryggja Omsorgssenter (BOS), skal avviklast, seinast i juni 2024. Grunn: Innsparing, manglande rekruttering og store manglar ved bygget, med hovudvekt på brannfare og uakseptabel utrykkingstid. Det blir og peika på mindre behov for senteret og mindre trong for heimeteneste i Bryggja-området.

Mykje har allereie vore sagt og skrive som peikar imot det som kommunalleiarar hevdar i sakshandsaminga. Det er få som kjenner seg att i alt det «svarte» som er lista opp som argument for nedlegging.

Bryggja pensjonistlag, sanitetsforeininga, kyrkja, skulen, barnehagen, pårørande og bygdefolk har alltid hatt god kontakt med omsorgssenteret. Etter kvart er store beløp gjevne som gåver til å støtte opp under trivsel og drift. Det er ein institusjon vi identifiserer oss med og er blitt glade i.

Vi vil peike på fylgjande: VEDLIKEHALD: Det må gjerast løpande vedlikehald på alle anlegg alle stader. Ved BOS er dette dei seinare åra blitt forsømt.

LOKALISERING: Bryggja ligg som kjent sentralt i kommunen. BOS er ombygd og modernisert etter til ei kvar tid gjeldande reglar.

BEHOV: Talet på eldre som vil trenge hjelp og assistanse berre aukar. Kommunen bør nytte dei omsorgsbygg som eksisterer framfor å ta opp lån til nye – sentralisert til Nordfjordeid.

HEIMETENESTENE: Det vil vere «tragisk» om basen for desse vert sentralisert til Eid. Med så knappe ressursar som dei disponerer, vil det meste av «pleietida» gå med til transport.

MENNESKELEGE OMSYN: Det synest som om Adm., sidan denne saka starta, har sett mykje inn på å få fjerna BOS. Dette er godt grunngitt i deira «faglege vurderingar» og innkjøpte analysar frå konsulentar. Verknadene av det heile er for bebuarar og pårørande maktesløyse, uro og fortviling. Det heile skapar avstand og redsle mellom dei styrande og dei som skal styrast. Slik verkar det nok og for dei tilsette.

Fleire av medlemene våre var til stades på folkemøte om denne saka 22.11.2023. Mange gode synspunkt kom fram – og frammøtte politikarar lytta interessert.

Vi bed om at den «ånda» som rådde på folkemøtet får vere med inn i handsaminga av saka i vekene før avgjerd vert teken. Vi oppmodar til samarbeid og lagspel over partigrensene med det som mål å finne ei god, varig og framtidsretta løysing for Bryggja Omsorgssenter (BOS).