Tre unge nordfjordingar er varetektsfengsla sikta for valdtekt av ei ung kvinne. Politiet etterforskar med full styrke, for å finne ut kva som har skjedd. Etterforskinga er framleis i ein tidleg fase, og alle er sjølvsagt uskuldige inntil rettskraftig dom ligg føre. Korleis skuld og ansvar skal fordelast vil bli opp til rettsapparatet å avgjere.

Slike saker er alltid djupt tragiske, sjølvsagt aller mest for den eller dei fornærma som skal prøve å finne tilbake til eit normalt liv. Også dei som blir dømde for slike handlingar får øydelagt livet sitt. Vel fortjent vil ein kanskje tenke? Ja, men like fullt triste skjebner.

Er det fleire valdtekts- og overgrepssaker no enn før eller er det berre at dei har blitt meir synlege for oss?

NRK kunne nyleg melde at overgrepsmottak over heile landet rapporterer om auke i valdtektsofre som søker hjelp. I Oslo har talet auka med 70 prosent på ti år – i alle aldersgrupper. Veksten er størst i gruppa 14 til 19 år. 95 prosent av ofrene er jenter, og i dei fleste tilfella er det jamnaldrande som utfører valdtektene.

Om ein trur at dette stort sett skjer i dei store byane, er ein naiv.

Det skjer overalt, og mørketala er i tillegg store. Helsedirektør Bjørn Guldvog seier til NRK at overgrep er tragisk og livsendrande, og foreldre må vere klare over at barn som blir utsette for denne type overgrep berre fortel om det heime i 15 prosent av tilfella. Helsepersonell peikar på at dagens porno er grenseoverskridande og prega av mykje vald, som bruk av kvelartak, og trur det er med på å påverke ungdom negativt.

Det som er ekstra ubehageleg er at dei fornærma ofte kjenner gjerningspersonen. Det kan vere nokon ein trudde var ein god ven eller den hyggelege guten to klasser over deg. – Ofre har rett og slett vore redde for å dø, og det er vanskeleg å få til å henge saman med at det var han fine guten i parallellklassa di som gjorde det, seier overlege Martine Rostadmo ved overgrepsmottaket i Oslo.

Valdtekt har strenge strafferammer. Det er flott og på sin plass, men blir dei brukt?

I ein omfangsstudie frå Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress i 2023 ser ein at berre 4 prosent av valdtekstoffer fekk sjå saka si kome for retten og at gjerningspersonen blei dømt. Vi veit jo også at fleirtalet ikkje anmelder.

Vi har ein jobb å gjere, og det fort. Vi har alle eit ansvar for å snakke om samtykke og grenser.

Media, foreldre, skule, helsetenesta og resten av samfunnet må seie klart frå kva som fell inn under omgrepa valdtekt og overgrep, og vere tydelege på at det er ulovleg. Så må ein gjere det trygt for ofre, som kan vere både gutar og jenter, kvinner og menn, å anmelde, politiet må etterforske og rettsapparatet må straffe deretter.