Utfordringar i eldreomsorga i Bremanger

Vi lever stadig lenger her i landet. Prognosane opererer med høge tal eldre framover til 2050. Då vil 26,6 % av oss her i landet vere over 65 år. Allereie i 2022 var 26,73 % av innbyggjarane i Bremanger over 65 år. Det var dei og i 65 andre av våre 356 kommunar. Dessutan vert ein stadig større del av oss eldre såkalla gamle eldre – altså over 90 år. Det er sjølvsagt bra så lenge vi har eit godt liv heime, i eigen eldrebustad eller på ein institusjon. Vi veit og at talet på demente aukar.

Korleis møter vi i Bremanger denne situasjonen i dag? Kva vil vi gjere for å møte nye utfordringar i åra som kjem?

Som leiar av eldrerådet dei siste fire åra, har eg sett at vi i Bremanger taklar situasjonen i dag bra. Vi har nok institusjonsplassar, særleg takka vere det moderne bygget i Svelgen, omsorgssenteret der. Kommunen har det vi må kalle ein god og stabil økonomisk situasjon, men vi ser at det har vorte vanskelegare å rekruttere nok kvalifisert personell i ledige stillingar i helse og omsorg og halde på ein desentralisert tenestestruktur.

Desse utfordringane skal no det nye kommunestyret ta fatt på mellom anna gjennom ei arbeidsgruppe som skal kome med nye framlegg til tiltak. Det er elles kome utspel om lønstillegg til nye tilsette. Eldrerådet har peika på nedbetalingsopplegg for studielån, men og at tilgang på gode bustader for nytilsette vil hjelpe.

Kommunen har og vore frampå innan velferdsteknologi, noko som det og er planen framover å innføre meir av i omsorgssektoren. Vi må, anten vi vil eller ikkje, bu oss på ta i bruk kunstig intelligens i eldreomsorga i åra framover.

Eg vil her elles nemne eldrearrangementet i Svelgen samfunnshus i haust som kommunen laga til og eldrerådet støtta. Det var vellukka og er døme på tiltak eldrerådet meinte vi må halde fram med rundt om i kommunen, der det vert teke opp relevante tema.

Det er ulike trimaktivitetar for oss eldre i gang rundt om i kommunen. Slike tiltak har og eldrerådet vore med å setje fokus på då det er viktig at vi alle held oss i så god form vi kan sjølve.

Dessutan er det regelmessige treffpunkt for eldre gjennom møte som i t.d. Keipenstova i Svelgen, på Dampen i Davik, Heimen i Bremanger, men og i andre bygder, ofte med kafe, song og andre aktivitetar. Slike sosiale møteplassar er svært viktige for oss eldre.

Leve – Virke – Nyte Heile Livet, som kommuneplanen heiter, er i ferd med å verte realisert sakte, men sikkert og ligg til grunn for alt kommunalt arbeid. Dei tiltaka som er omtalte i planen og nemnde her, må halde fram og gjerne fornyast og utviklast i åra framover

Eldrerådet har hatt godt kontakt og samarbeid med både dei administrative leiarane og med den politiske leiinga, mest gjennom at dei har delteke på mange av møta våre. Då kan vi ta opp spørsmål direkte og få betre kunnskap om ulike område vi er opptekne av og slik gje våre råd til kommunestyret.

Mange nye stortingsmeldingar har i perioden dukka opp på bordet vårt, viktige og utfordrande. Eg skal ikkje ramse dei opp her, men understreke at det heilt sikkert vert trong for at vi bur oss betre til å greie oss sjølve lenger i eigen bustad. Det er og oftast det vi alle vil, men kanskje må bustaden tilpassast den nye livssituasjonen.

Dette er noko både rådet og kommunen er samde om treng meir fokus i åra framover. Vi alle bør tenke på dette medan vi enno er nokolunde friske og raske. Neppe alle kan greie å gjere dette, noko kan skje brått med oss, og vi kan trenge ein tilpassa bustad i år framover eller berre for ein kortare periode.

Eldrerådet har meint at kommunen bør ha fleire utleigebustadar helst i nærleiken av ein institusjon eller eit bukollektiv, slik Leve Heile Livet-planen og peikar på.

Leve Heile Livet-planen må oppdaterast i takt med noverande og framtidige utfordringar. Det er svært viktig at vi har ein levande plan der alle partar, inklusive frivillige organisasjonar og næringslivet, deltek aktivt i utforming og realisering.

Dette er ei oppgåve fellesskapet må stå saman om. For det er ei god felles framtid for alle vi må vere samde om å skape i lag. Eg er sikker på at det nye eldrerådet vil verte ein aktiv medspelar i arbeidet vidare med å byggje eit godt bremangersamfunn.