Denne delte meininga sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 19. august.

Ein positiv pensjonist vil gjerne rose Havfiskefestivalen for eit godt gjennomført arrangement:

– Det var fantastisk kva dei hadde fått til på Torget, både med teltet og innhegninga framføre med stolar, bord og leikar for ungane. Vi sat der og såg foreldre kome med barna sine. Ungane fekk leike medan foreldra kjøpte seg ein kopp kaffi og sette seg ned for å prate. Eg må også få nemne desse Skjærgårdsgutane som spelte heile tida.

Sjå bilde frå Havfiskefestivalen.