Selje bygdeutviklingslag ser med stor uro på striden mellom Statens vegvesen og Kystverket om bruk av fylkesveg 618 som transportveg for flytting av steinmasse.

Statens vegvesen hevder at lovverket ikkje tillater bruk av dumpere på norske veier sjølv om Kystverket forpliktar seg til å gjenopprette og vedlikehalde vegen både under og etter byggeperioden.

Statens vegvesen meiner at lovverket uansett ikkje gir rom for dumpere på vegen på grunn av omsyn til trafikksikkerheita.

Med eit slikt krav til Kystverket kan SVV sette heile næringsområdet på Lesto i fare, eit næringsområde som er yngst sterkt velkommen til ein næringsfattig del av Stad kommune.

Får ikkje Kystverket bruke Lesto som deponiområde for massen, kan det fort bli at massen blir deponert på djupaste plassen i Moldefjorden, ein plass som er ferdig regulert til dumping av masse.

Dette vil igjen bety at nabokommunane som ynskjer masse frå bygginga av Stad skipstunnel kan bli skadelidande fordi kostnadane med frakt til deponi må gjarst med lekter og er sterkt fordyrande for prosjektet. Næringsområdet på Lesto vil vere sterkt besparande på fraktkostnadane og vere samfunnsnyttig for regionen.

Vi håper sterkt at SVV her kan bruke fagleg skjønn og i samarbeid med Kystverket finne sikre løysingar for transport av massene og at trafikksikkerheita blir ivaretatt.

Mange av oss har ferdes på vegar med mykje meir trafikkmengde eller det som er på fylkesveg 618, medan store lastebilar med hengarar fulle av stein har vore ein del av trafikkbilde.

Lysregulering må kunne brukast i den korte perioden som denne 1400 meter lange strekninga skal brukast som transportveg, stillstand i arbeidet mens skulebussane og andre offentelige transportmidler passerer kan også brukast.

No må Kystverket få all den hjelp dei treng for å kunne bygge Stad skipstunnel innanfor dei rammene som dei har fått tildelt, og det innbefatter i aller høgste grad hjelp frå SVV, fylkeskommunen og Statsforvaltaren.

Vi i Selje bygdeutviklingslag håper at alle bidrar til at dette får ei løysing som gjer at tunnelen kan bli 150-200 millioner billigare og at Kystverket får arbeidsro til å ferdigstille utlysningsdokumenta.