Om det er ein 25-åring som verkeleg fortener godt med besøk for å feire jubilanten, så er det Opera Nordfjord.

I 25 år har Opera Nordfjord gitt oss den eine store kulturelle opplevinga etter den andre. Kvart år strekk eldsjelene i Opera Nordfjord seg etter større og heilt nye oppsetjingar og utfordringar. Til stor glede for oss alle.

Onsdag inviterer Opera Nordfjord til urpremiere på utvandrarmusikalen Soga om Sol, ei historie om to unge menneske frå Nordfjord, Emil Spelemann og Sol Siljegard, som reiser til Amerika for å skape seg eit betre liv. Tingingsverket er skrive av Øystein Wiik, og Gisle Kverndokk er komponist.

Det er ikkje berre nordfjordingar som let seg begeistre av kva Opera Nordfjord har fått til i løpet 25 år. At H.M. Dronning Sonja sit i salen under premieren seier sitt. Storebroren i hovudstaden, Den norske Opera & Ballett er også imponert over veslebroren i Nordfjord.

«Det er rett og slett så imponerende hva dere har fått til i løpet av disse 25 årene. Det grundige og kreative arbeidet med hoved-produksjonene, som hver gang holder et høyt kunstnerisk nivå, sammen med det omfattende samarbeidet dere har med unge – og ikke minst frivillige – gjør at Opera Nordfjord er et fantastisk velfungerende operaselskap», seier operasjef i Den Norske Opera & Ballett, Randi Stene, i helsinga si til Opera Nordfjord.

Vi seier oss heilt einige der. Det er imponerande kva Opera Nordfjord, med operasjef Kari Standal Pavelich og regissør/musikalsk leiar Michael Pavelich i spissen, har fått til i løpet av 25 år med opera og musikalar i Nordfjord. Dei er modige, tenker nytt og løftar det lokale og aktuelle inn på scena. Vi har opplevd både fotballopera, sildeopera og no musikalen Soga om Sol.

Opera Nordfjord engasjerer breitt og stort, og har store positive ringverknader langt ut forbi både operasalen og Nordfjord. Amatørar i alle aldrar får blomstre og utvikle seg saman med store profesjonelle aktørar. Skuleelevar får ein heilt unik læringsarena. Den store dugnaden og arbeidsinnsatsen bygger eit verdifullt samhald. Vi har så uendeleg mykje å takke Opera Nordfjord for.

Den beste måten å vise takksemd på er å møte opp i Operahuset og la seg begeistre. Gje Opera Nordfjord den responsen dei fortener! Gratulerer, og ikkje minst tusen takk for 25 fantastiske år!