Det var eit litt overraskande lesarinnlegg frå Kinn Arbeidarparti sin leiar i fjt.no måndag med overskrifta «Nordfjord Havn kan ikke se bort fra det faktum at folk forstår hvor de store pengene havner».

Eg trur folk flest i Måløy forstår at Nordfjord Havn arbeider for lokalsamfunnet og saman med befolkninga og bedriftene i Måløy gjer eit seriøst forsøk på å skaffe samfunnet fleire bein å stå på. Dette er viktig for bulyst og for det å kunne tilby eit variert arbeidsliv for dei som bur her, eller kanskje vurderer å flytte til Måløy.

Når det gjeld «hvor de store pengene havner» kan eg forklare dette nærmare.

Det blei utarbeida ein rapport frå Memon for ei tid tilbake som sa noko om fordeling av inntekter frå eit cruiseanløp.

Hamna sit igjen med cirka fem prosent av den totale verdiskapinga når eit cruiseskip besøkjer oss. Det vil seie at 95 prosent går til handel, turoperatørar og eigarar av destinasjonane.

Inntektene for dei som er sysselsett og overskotet til bedriftene blir skattlagt fortløpande. Kommunen slepp å vente på å få større skatteinngang, slik du antydar. Kinn kommune har allereie glede av meir pengar til årets budsjett basert på cruisesesongen i fjor. Når det gjeld overskotet i Nordfjord Havn, skal dette reinvesterast i alle eigarkommunane slik vedtektene seier.

Christensen nemner toalettet og anna infrastruktur som ein ikkje skal forvente at kommunen skal «punge ut med». Styret i Nordfjord Havn har løyvd to millionar kroner til konkrete tiltak som toalett i sentrum og mellom anna utsiktspunktet i Måløy.

Framleis står dette på vår konto – no snart på det tredje året. Du, Christensen, sit med makta, og mitt spørsmål blir da: Kvifor blir vi ikkje kvitt desse pengane? Hamna har vore med på mange andre spleiselag til det beste for eigarkommunane.

Nordfjord Havn har tre eigarkommunar, og har totalt investert i overkant av 80 millionar dei siste fem åra, av desse 50 millionar i Kinn kommune. No står det for tur store investeringar i Stryn kommune, og selskapet har ikkje bedt om ei krone frå eigarkommunane.

Eg meiner ditt lesarinnlegg ber preg av at du ikkje kjenner selskapet Nordfjord Havn eller våre aktivitetar. Ønsker du meir kunnskap om vår verksemd er du velkomen til ein presentasjon.

Det vi driv med er ikkje «kortsiktig moro» som du kallar det, men eit seriøst forsøk, saman med dei som bur i Måløy, på å få etablert ei ny berekraftig næring.