Vil du oppleve større eller mindre bulyst om det blir etablert ein ammoniakkfabrikk i nærleiken av der du bur?

I Bremanger kommune blir det snakka mykje om bulyst, og då vert gjerne arbeidsplassar trekt fram som avgjerande. Men den siste statistikken syner at det i Bremanger kommune berre er 0,5 prosent arbeidsløyse. Dette er blant det lågaste i heile landet. Samstundes er det langt fleire ledige jobbar, og bedrifter og kommunen slit med å skaffe fagfolk. Vi veit òg at det er fleire som pendlar inn til kommunen enn dei som pendlar inn til kommunen.

Trass i dette brukar våre kommunepolitikarar med ordføraren i spissen, mangel på arbeidsplassar som eit kronargument for at Fortescue skal få etablert ein hydrogen- og ammoniakkfabrikk i Nordgulen, i eit område folk i Svelgen i all tid har nytta som rekreasjonområde med fisking, dykking og bading. Det er nesten som at ein skulle omregulere Grotlesanden eller Bontelabo til industriområde!

I samband med denne hydrogen- og ammoniakkfabrikken skal det byggast ein lagringstank for ammoniakk som skal ha ein diameter på 40-45 meter og ei høgd på 45-50 meter. For dei av oss som er kjende i Svelgen, betyr dette at tanken er i høgd med det øvste huset på Villabakken om han skulle verte plassert på idrettsbana!

Ammoniakk er ein sterkt etsande gass. Dette forstår dei fleste som stikk nasen ned i ei salmiakkflaske. Rein ammoniakk er uendelig mykje farlegare, og dersom flytande ammoniakk slepp ut i det fri, dannar han ei gassky saman med vassdampen i lufta. Denne skya er tyngre enn luft og vil drive av garde med vinden. Eit storutslepp av ammoniakk kan ta livet av hundrevis av menneske i Svelgen om vindforholda, dvs sørvest vind, pressar ammoniakkskya inn fjorden.

Eg seier ikkje at sjansen for ei slik storulukke er stor. Det er heller ikkje sjansen for å vinne i Lotto. Likevel kjenner dei fleste av oss nokon som har vunne full pott. Sjølv har eg tre Lotto-millionærar i familien. Så sjølv om sjansen er liten, er han ikkje null.

Så til bulyst: Eg ber deg tenke etter: Vil du oppleve større eller mindre bulyst om det blir etablert ein fabrikk i nærleiken av der du bur?

Foto: Privat/Freepic

Illustrasjonsbiletet eg nyttar her, veit eg er stygt og provoserande. Men eg håper du som les dette forstår at svært mange svelgarar er enormt uroa over at dei kanskje får endå ei storulykkeverksemd som næraste nabo.

Eg ber innstendig våre lokalpolitikarar om at dei vender ryggen til dette prosjektet. Fabrikken vil ikkje føre til auka bulyst.

Tvert om vil han presse folk til å flytte.