No er det sørsida sin tur!

Kor lenge skal folk på sørsida vente på at dei som har makt til det tek tak i å få gjort noko med trafikktryggleiken på fv 616 Davik-Kolset?

Kva gjer den politiske og administrative leiinga i Bremanger kommune? Er dei opptekne av korleis folket på sørsida har det?

Ja, det er fylkeskommunen sitt ansvar, vi veit det, men kommunen kan påverke og presse på for å få gjort utbetringar på denne smale og trafikkfarlege vegen.

Vegen er smal, uoversiktleg, holete og ujamn, manglar rekkverk på fleire strekningar og har for få møteplassar.

Dette er vegen som vi tilbyr skule- og barnehagebarna våre, som pendlarane nyttar for å komme seg på jobb, som heimesjukepleien og anna helsepersonell køyrer dagleg, som bussjåførane våre og varetransportørane må nytte kvar dag, uansett vêr og føre!

Folketalet i Bremanger går nedover, og vi slit med rekruttering. Bulyst er det nye slagordet.

For å få folk til å komme og til å bli, er gode og trygge vegar avgjerande. Alle kan ikkje jobbe eller gå på skule og i barnehage i den bygda dei bur i, så gode vegar og kommunikasjonar er viktig for tilflytting og trivsel.

No må det handlast og det fort. Fylkeskommunen er i ferd med å rullere «Regional transportplan» og ønskjer å orientere og få innspel til arbeidet frå kommunane, jfr. brev til kommunane av 19.12.23. Dei kallar inn til «Dialogmøte om strekningstiltak og punkttiltak på det lågtrafikkerte fylkesvegnettet» den 19. januar -24.

«Fylkestinget legg vekt på å finne fram til ordningar for å kunne realisere mindre utbetringsprosjekt på ein rask og kostnadseffektiv måte», heiter det m.a. i brevet.

Bremanger kommune må i denne prosessen no fremje strekninga Davik – Kolset som første prioritet! Bremanger SV – for tryggleik og trivsel