Så var det den tida igjen. Vi skal feire det nye året. Fyrverkeri er flott å sjå på, men det er også enorme summar som bokstaveleg talt går opp i røyk medan skadane på auge og fingrar haglar over landet. Og det er flest unge menneske mellom 11 og 20 år som skadar seg.

Skadane handlar ikkje berre om fysiske skadar på menneske. Sist nyttårshelg blei verdiar for over 57,6 millionar øydelagt i brann. I tillegg fortvilar dyreeigarar over folk som ikkje respekterer oppskytingstidspunkta, og vi har dei siste åra fått mange nye medborgarar som har flykta frå krig og ikkje trivst så godt med høge smell nattestid.

Det er eit generelt forbod mot bruk av alle typar fyrverkeri heile året. Men nyttårsaftan har vi plutseleg eit generelt løyve – mellom klokka 18.00 og 02.00. Ein debatt som også ofte blir starta på, men aldri fullført i tide før nyttårsaftan er om ein skal innføre eit «offentleg», eller «felles», fyrverkeri i by og bygder. Nokre stader har ein det, som på Raudeberg og i Florø, og det ser ut til å fungere fint.

DSB har reglar for riktig bruk av fyrverkeri, og dei er slik:

– Det er 18 års aldersgrense for kjøp og bruk av fyrverkeri.

– Bruk fyrverkeri berre på nyttårsaftan, mellom klokka 18.00 og 02.00.

– Sørg for at bakkebatteriet står trygt og støtt, pakk gjerne rundt med snø om det finst.

– Unngå at fyrverkeriet blir fuktig eller vått.

– Les bruksrettleiinga og følg råda for sikker avstand vedoppskyting.

– Bruk beskyttelsesbriller for å unngå augeskadar.

– Tenn aldri lunta to gonger. Om den ikkje tenner første gong, vent 30 minutt, dynk med vatn og lever tilbake til forhandlar.

Statistikk viser heldigvis at talet på personskadar har gått kraftig ned etter at det i 2008 blei forbode med privat bruk av rakettar med styrepinne. Forbodet reduserte faktisk talet skader med nærmare 70 prosent. Oppfordringa frå oss er likevel å ta det med ro, feire med måte og vise omsyn.

Vi ønsker alle lesarar og annonsørar eit riktig godt nytt år!