Då fana til Svelgen Kjemiske Arbeiderforening vaia i vinden i Kalvåg denne veka skal eg ærleg innrømme at eg fekk ein kjenslemessig reaksjon. Fagrørsla har alltid hatt fokus på den breie utviklinga i samfunnet, og etableringa i Holmaneset høyrer heime i eit slikt breitt samfunnsperspektiv.

Leiaren for den største foreininga ved Elkem Bremanger, Øyvind Grindheim, peika i appellen sin på fleire viktige spørsmål som gjeld den planlagde fabrikken for ammoniakk og hydrogen i Nordgulen.

For sjølv om Fortescue har gjennomført fleire folkemøte og publisert mykje informasjon på eiga heimeside, er behovet for fakta framleis ganske stort. Fortsatt er det mange som lurer på kva dette er, korleis det kan bli, og om ein treng det.

Grindheim la vekt på at fagforeininga hadde med fana til Kalvåg for å vise at dei er engasjerte, og at dei bryr seg. Han la til at ein skal ha respekt for andre meiningar, og at den største gruppa i saka er dei som ikkje veit.

Deretter kom dei realpolitiske vurderingane som handlar om straumpris og uroa for at Elkem kan bli svekka av ein lokal konkurrent med langt større kraftbehov enn det smelteverket har. Og det verste scenarioet av alle; kva om folk blir permitterte?

Inntrykket er at Fortescue har ein jobb å gjere med opinionen slik at ein kan legge grunnlaget for eit meir faktabasert ordskifte i denne saka. Har dei til dømes vurdert å legge fabrikken inn i fjellet? Og kva vil dei bidra med i lokalsamfunnet; kanskje ein skjerv inn i realiseringa av Svelgen-Indrehus?

Her skal ein ha i mente at folk i Svelgen kan si eiga historie. Dei veit at Christiania Spigeverk tok eit stort samfunnsansvar etter krigen då dei bygde ut det meste av det vi ser i dag. Og dei veit at Fortescue har fått over to milliardar kroner frå EU til satsinga i Bremanger. Skal det australske selskapet bruke alle desse pengane i Holmaneset?

Ambisjonen framover bør vere å bringe meir fakta inn i debatten. Slik kan vi unngå sekteriske trussamfunn på kvart nes innover ein Nordgulen prega av babelsk forvirring. Så vil ein alltid ha dei som ikkje vil forstå, og kan hende er frontane iferd med å fryse til. Då er det vårt håp at ein klarer å halde råka opa, farisearane på avstand, og puste med magen til vi veit litt meir.

Striden om Holmaneset bør førast med blanke våpen.