Redaktør Erling Wåge hadde denne leiaren på trykk i Fjordenes Tidende tysdag:

Det er mange som er skuffa over at opprusting av stamvegen Rv. 15 over Strynefjellet er fjerna frå regjeringa sitt forslag til ny Nasjonal transportplan (NTP) for 2018–2029. Dette er ein viktig veg for Nordfjord og deler av Møre og Romsdal som både næringslivet og andre er svært avhengige av. Strynefjellet har store utfordringar både med behov for rassikring og behov for breiare og sikrare tunnelar. Desse tunnelane er blant dei som etter tunnelforskrifta treng oppgradering i 2019. Korleis tenker regjeringa å løyse dette?

I påska var det ein ny tunnelbrann her i fylket, i Fjærlandstunnelen, då ein lastebil tok fyr. Store mengder røyk velta ut og det vart enorm varmeutvikling inne i tunnelen. Igjen var det tilfeldigheiter som førte til at det ikkje gjekk liv eller at nokon vart alvorleg skadde. Sett i lys av dei mange tunnelbrannane, så er dei tre lange, smale og bratte tunnelane på Strynefjellet svært så farlege om det skulle skje ei ulukke eller ein brann.

Strynefjellet blir brukt av mykje tungtrafikk, vogntog, lastebilar og bussar. Mange stadar i tunnelane er det nesten ikkje passering for store køyretøy. Kva om varmgang i bremsene på ein trailer fører til brann midt inne i ein av dei bratte tunnelane? Det er langt til nærmaste brannvesen, og det er ikkje enkelt å komme seg ut for nokon. Det er også stor busstrafikk her.

No må det leggast press på at det må gjerast noko med denne viktige aust-vest-vegen. Det hastar med ny veg, og nye og sikrare tunnelar over Strynefjellet. Statens vegvesen har føreslått ein ny lang tunnel på 15 km mellom Skåre i Oppstryn og Breidalen i Skjåk. Dette prosjektet burde vore inne i Nasjonal Transportplan, dersom regjeringa meiner noko med at det skal gjerast noko for å sikre ein trygg heilårsveg.