Stopp og tenk dykk godt om!

Fagforbundets Hovudtillitsvalde i Kinn kommune er særs bekymra for at eit fleirtal av politikarane går for å konkurranseutsette pensjonen for dei kommunalt tilsette.

Vi har vore i dialog med tillitsvalde i andre kommunar og fylkeskommunen og tilbakemeldingane er ikkje til å ta feil av.

·       Våre medlemmar taper stort på kvalitet og service. Opplevingane frå andre kommunar er at Storebrand har dårlegare digitale sider og blir opplevd som lite brukarvenleg. Dei har mindre kompetanse og medlemsoppfølginga i kommunane er mangelfull.

·       Store forskjellar i pensjonskalkulatorane til dei 2 selskapa. Storebrand sin kalkulator har store manglar spesielt for alle født etter 1963.

·       Storebrand kan ikkje måle seg med KLP på kompetanse innanfor offentleg tenestepensjon. KLP er også meir på tilbodssida ut til kommunane med pensjonsmøte og oppfølging.

·       Eit anbod er berre eit anbod. Dei faktiske kostnadane har vist seg å vere langt større i etterkant.

·       Har ein først bestemt seg for å sette pensjonen på anbod, må slike anbodsprosessar gjennomførast permanent framover i kommunen, noko Vestland Fylkeskommune har bekrefta.

·       I Vestland Fylkeskommune sitt første anbod frå Storebrand ville fylket få ført tilbake eit overskot på 6 mill. I realiteten ved årets slutt vart dette 200 000 kr. I realiteten vart alt dyrare, enn anslege i anbodet, og KLP hadde vunne anbodet om dei faktiske kostnadane hadde komme fram i anbodsprosessen. Men anbodsprisar er berre estimat som kan slå ganske feil ut, slik som det viste seg i ettertid med Storebrand sin anbodspris til Vestland Fylkeskommune i 2020.

·       Kommunen er medeigar i KLP, og har sett inn eigenkapital. KLP har ført tilbake pengar til eigarane, altså kommunane når der er overskot. Og som eigar har vi innflytelse og påverknad, dette får vi ikkje i eit privat selskap som Storebrand.

·       95 prosent av pensjonskostnadane er tariff festa, berre 5 prosent er administrasjonskostnader.

·       Vi veit at Storebrand har hatt anbod med viktige feil i og som, slik vi ser det, har ført politikarar og kommunar bak lyset.

·       Vi er kjent med viktige feil frå Storebrand i anbodsfasen. Seinast nyleg anbod i Vestland Fylkeskommune, der ein i etterkant av det politiske vedtaket på å velje Storebrand som leverandør, har innrømt å ha sett anbodsprisen for lågt.

·       Bestemmer fleirtalet seg for anbod no, så blir det anbod i all framtid. Dette krev også tid, ressursar og pengar. Ein må ha rådgjevar/meklar utanfrå. Og kompetansen ute i kommunane er for dårleg når det kjem til premissar og anbodsrundar på pensjon.

Vi ber våre politikarar tenke seg grundig om før dei går inn for konkurranseutsetting av pensjon.

Vi veit at eit anbod berre er eit estimat og ikkje bindande. Dei faktiske kostnadane kjem først når året er omme. I KLP har vi Norges beste kompetanse på offentleg pensjon, vi er medeigarar som kommune, og dei leverer ein service vi kan sjå langt etter om vi går over til Storebrand.

Toget går no, tenk dykk grundig om. Dette handlar om våre tilsette sin tryggleik og framtid!