Kan vi få sjå avtalen, Bengt og Frank Willy?

Etter valet i 2023 forhandla Venstre i Kinn med det utgangspunkt at ein kommune som vår treng ein stabilitet og ei retning. Politikk kan ikkje reduserast til å berre handle om å fordele løn til enkelte politiske leiarar som har funne saman, det må handle om kva ein vil og korleis ein vil kome dit.

Ein kan snakke alt ein vil om styringsmodellar, men ein situasjon med polsk riksdag der ingen tek ansvar for samanheng og overordna retning fører til at kommunen sine ressursar ikkje blir brukt best mogleg til innbyggjarane sitt beste. Det kan godt vere usemje om kva retning ein vil gå i, det er jo sjølve kjerna i politikken. Men eit fleirtal må ta ansvar for å sy saman ein heilskap. Noko anna er heilt uansvarleg.

Etter at Høgre i Kinn fann saman med Frp, Sp og INP har det vore uklårt om det ligg føre noko politisk samarbeidsavtale eller ikkje. Då Høgre valde å ikkje samarbeide med Ap, SV, Krf og Venstre, med Bengt Solheim-Olsen frå Høgre som ordførar og Gustav J. Nydal frå Krf som varaordførar, var det grunngjeve med at ein ikkje ønskja noko politisk avtale. Det skulle berre handle om verv, posisjonar og honorar. I tillegg var det svært viktig for Høgre å aktivt løfte fram Frp-Djuvik som ein slags felles politisk spydspiss og koordinator for samarbeidet deira.

I ettertid forstår vi det slik at det likevel ligg føre ein slik avtale som også avklarer politikk. Dei politiske samarbeidspartia i fylkestinget har offentleggjort sin avtale, den ligg på nett og kan lesast av alle. Det er det vanlege i Kommune-Norge, men ikkje i Kinn? Kvifor får vi ikkje vite kva samarbeidspartia i Kinn har blitt samde om?