Eldrerådet i Bremanger har etterlyst fleire aldersvennlege bustader i takt med det aukande talet på eldre i kommunen.

I 2023 peika rådet på dette i eit vedtak og etterlyste kommunal handling med tanke på utfordringane vi står oppe i. Dette må og sjåast i samanheng med «Bo-trygt hjemme-reformen».

Rådet peika på det delvis tomme kommunale huset på Davik, det tidlegare Helsehuset, som eit døme. Der kan det byggjast fleire godt tilpassa bustader for eldre, bustader som i tillegg ligg nær leiligheitene i Klokkartunet og dei tre omsorgsbustadene like ved.

Huset er ein uutnytta kommunal ressurs i ei tid der stadig fleire eldre vil komme til å ha bruk for tilpassa bustader i kommunen.

I eit svar til eldrerådet frå kommunedirektøren (10.03.23) gjekk det fram at dette ikkje var aktuelt å prioritere no. Ingen i kommunestyret tok tak i saka frå eldrerådet.

Det var representantar som ikkje visste at etasjen ved bakkeplan for det meste stod ubrukt. Det har den gjort i mange år etter at lege og tannlege og seinare heimesjukepleien hadde kontor.

Det er brannstasjon i kjellaren og ei privat bedrift leiger ein liten del av huset i dag. Huset vart for få år sidan renovert utvendig og er i god stand.

Pensjonistforbundet har nyleg møtt kommunal- og distriktminister Erling Sande (Sp) og teke opp dette med mangel på nok aldersvennlege bustader i mange kommunar.

Forbundsleiar Jan Davidsen peika i dette møtet på at for å få dette til, må kommuneøkonomien og Husbanken bli styrkt for at kommunar og private betre kan greie å byggje slike bustader.

Regjeringa er samd i at det er trong for fleire aldersvennlege bustader, sa ministeren. Eg håpar difor det kjem noko konkret om dette i den komande «Boligmeldinga» til regjeringa.

Men dette er sjølvsagt og ei lokal prioritering som eg håpar det nye kommunestyret vil setje på dagsorden for oss eldre i heile kommunen.