Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) har skrive dette lesarinnlegget:

Eg vil bli politikar i Kinn!

Eg kan vanskeleg forestille meg eit meir spennande politisk prosjekt enn Kinn kommune. Det å ta tak i dei politiske ambisjonane kystpolitikarar har uttalt i tiår, triggar meg. Det å gjere kysten av Sogn og Fjordane viktig og plassere den der den høyrer heime, er eit prosjekt som gjev meining, men krev mot og vilje til endring. Og aldri har vel dette vore viktigare enn nett no, no når vestlandsfylket er i emning. Og alt no byrjar vi å sjå resultat av valet vi har gjort, kysten vinn fram med sine krav og det er til stor inspirasjon.

Flora og Vågsøy sine kommunestyre har peika på at Kinn er svaret på våre felles utfordringar. Dette møter motstand, ikkje berre frå dei som er usikre på om kommunereformen er bra for vår kommune, men og utanfrå. Vågsøy og Flora ligg i kvar sitt fogderi. Det vert sett på som litt illojalt at både Flora og Vågsøy ikkje finn sine partnarar i Sunnford eller Nordfjord. Vi utfordrar eksisterande strukturar. Kinn utfordrar Nordfjord, Sunnfjord og kanskje Sogn. Både Flora og Vågsøy har prøvd å få til samanslåingar i sine regionar, men begge har stranda. Det er og ein del av historia at eit klart fleirtal både i Vågsøy og Flora har primært hatt ynskje om ein kystkommune. I lys av dette bør ikkje danninga av Kinn kommune vere noko stor overrasking. Kinn er eit svar på dei endringane som pressar seg fram overalt i samfunnet og som er ei utvikling Stortinget har vedteke. Færre og større kommunar som tek ei større rolle i samfunnsutviklinga.

I dag jobbar fellesnemnda med å få på plass fleire båtruter mellom Florø og Måløy. Arbeidet skaper begeistring også i Bremanger som er avhengig av gode rutetilbud både til Måløy og Florø. Kinn ber allereie frukter.