Fred og ro i Kinn

Etter folkemøtet i Florø måndag er i alle fall dette klart: Skal det bli fred og ro i Kinn kommune, må innbyggarane i begge delane av kommunen stemme for å halde på Kinn. Det resultatet vil alle parti godta. Eit fleirtal for deling – i den eine eller den andre delen av kommunen – vil føre til endelause diskusjonar om tolkinga av resultatet i kommunestyret før ei endeleg avgjerd i regjeringa eller Stortinget. For ikkje å snakke om kva nedbygginga av Kinn kommune og oppbygginga av to nye kommunar frå grunnen av vil koste av diskusjonar og tid.

For å bruke eit bilde: To partar går saman om å bygge seg eit større hus. Huset stå ferdig med vegger og tak, og innreiinga er i full gang. Så finn partane ut at dei ikkje vil ha huset likevel. Dei set i gang med å rive det for å bygge seg to mindre hus.

Å rive ned det som med mykje arbeid er bygd opp gjennom fleire år, utan å ane kva ein får att, er meiningslaus bruk av både pengar, tid og krefter. Innbyggarane og politikarane i Kinn har så mange andre viktige og krevjande oppgåver å ta tak i: Sikre gode kommunale tenester, hevde seg i konkurransen om nye etableringar og arbeidsplassar, vende nedgang i folketal til vekst, berre for å nemne noko.

For ikkje å snakke om alle dei store utfordringane som landet vårt no står overfor: Å bygge opp dei nye kyst- og havnæringane som skal vere hovudnæringane våre etter oljen; å sikre forsyningane av både mat og energi; å vere med på alle klimatiltaka som må til for at etterkommarane våre skal kunne leve trygt og godt.

Men nye utfordringar fører også til nye sjansar til å skape noko. Då må både næringsliv og politikarar ha fokus på desse sjansane. Om få år står Stad skipstunnel ferdig. Den vil revolusjonere sjøfarten på kysten. Måløy og Florø ligg midt i smørauget for å dra effektar av skipstunnelen.

Det er klokt å lytte til kva næringslivsleiarane meiner, både i den sørlege og den nordlege delen av Kinn. Dei veit best kva som er og vil bli utfordringane våre. Og dei vil halde på Kinn kommune.

Eg vil oppmode alle innbyggarane i Kinn kommune om å nytte stemmeretten sin i denne saka. Ikkje minst vil eg oppmode dykk som er unge til å stemme. Det er de som må møte utfordringane, gripe sjansane og skape arbeidsplassane som trengst i framtida. Lat oss no få fred og ro så dei unge kan få jobbe med dette og få lyst til å engasjere seg i lokalsamfunnet og politikken.