Måndag er det kommunestyre- og fylkestingsval. Partia og listene i Stad, Kinn og Bremanger er inne i siste innspurt med valkampen for å få sikre seg stemmene til dei som endå ikkje har bestemt seg.

For Stad og Kinn sin del er dette det første kommunestyrevalet etter dei fire første åra som nye kommunar. I den første perioden har det for begge kommunane vore viktig å bygge den nye organisasjonen. No går vi inn i den andre perioden, og det blir spennande korleis dei komande kommunestyra vil handtere det.

Utfordringane for dei tre kommunane står i kø. Kanskje er det enkeltsaker som til dømes industriutbygging på Holmaneset i Svelgen, Skram skole i Måløy og symjebasseng i Selje som avgjer kven ein stemmer på.

Politikk handlar om prioriteringar, og det har vore spennande å følgje med på korleis partia og listene seier dei vil prioritere. I ein valkamp er kanskje ikkje alle like tydelege på sitt standpunkt. Kanskje har ein mest å tene på å vere tydelege og ærlege, og ikkje gå rundt grauten? Det har vore nytta ulike strategiar i denne valkampen, og svaret får vi på måndag.

Fjordenes Tidende har brukt dei siste vekene til å få fram dei ulike standpunkta og presentere kandidatane som stiller til val. Denne gongen har vi gjort litt ekstra for at folket skal bli kjent med dei ulike ordførarkandidatane. Ein ordførar skal representere alle innbyggarane i kommunen, og då er det greitt å bli litt kjent med meir enn berre politikaren.

Det har vore eit stort engasjement med lesarinnlegg til Fjordenes Tidende. Som vanleg vil vi ikkje publisere politiske innlegg på sjølve valdagen. For at innlegga eventuelt skal bli publisert før valdagen, må vi ha dei i hende seinast 9. september. Strek for nye innlegg settast ved midnatt, men vi opnar for at ein kan svare på allereie publiserte innlegg.

Fjordenes Tidende satsar stort på å dekke valvakene i både Stad, Kinn og Bremanger. På valkvelden sender vi direkte på fjt.no med fleire sendingar samtidig.

All ære til dei som stiller seg til disposisjon for lokalpolitikken. Bruk stemmeretten, og godt val!