Det skjer mykje bra på kysten sjølv om litt for mange demografiske variablar peikar feil veg.

Næringslivet går godt, og i Bremanger er Fortescue og satsinga i Holmane særleg omstridd. Steinbrot på Aksla med utskiping i Frøysjøen er eit anna tema. Og Steinvik Fiskefarm i Svelgen.

I Stad kommune diskuterer ein storleiken på ei fylling på Flatraket, og folk langs Nordfjord ønsker ikkje meir oppdrett i fjorden. Innbyggarane i både Stad og Vanylven protesterer mot planar om vindturbinar på fjellet ved Åheim. I Kinn gir ei containerhamn i sør hovudbry, medan utbygging i nord vil legge beslag på verdifullt land- og sjøareal.

I alle desse sakene kan ein fordjupe seg i arealplanar, politisk juss, tekniske forhold og andre perspektiv. Likevel er det ei side ved dette som det med fordel kunne ha vore større fokus på. Og det er kva desse satsingane betyr for oss som bur her, kva verdiar vi vil ha i vårt område, og kva samfunnsansvar dei utviser dei som vil investere langs våre strender.

Storsamfunnet og dei politiske miljøa stiller sjølvsagt opp, og er positive, når nokon vil satse. Men for mange av desse prosjekta etterlyser vi større vilje til samfunnsansvar frå investorane. I Svelgen har Elkem lange tradisjonar for å ta slikt samfunnsansvar. Tenk berre på samfunnshuset, svømmehallen og kapellet som dei gav til bygda. Tilbake fekk dei arbeidsvilje og lojalitet, og slik er det framleis.

Eit australsk eller nederlandsk selskap må gjerne drive butikk i Bremanger. Men dersom dei trur at her er det berre å forsyne seg av verdiane til dei lokale leiglendingane utan å legge noko igjen, ja då har dei misforstått.

Difor er vi frimodige nok til å nemne både Svelgen-Indrehus og badeland som moglege prosjekt å investere i lokalt for desse to. Her ligg det også ei oppgåve for Bremanger Næringsråd.

Poenget er at vi som lever i dag må ha auge for dei lange linjene. Kall det gjerne verdikonservatisme. Å sprenge og bore, og legge alt grått slik vi ser dette utspele seg i Florø, er ingen god arv å sende vidare til dei som kjem etter oss.