Sprenging av fjell genererer store mengder støv med giftig innhald avhengig av type sprengstoff og type berg/fjell. Dumping av stein via 200m lang sjakt og knusing av stein genererer meir støv. Biletet frå 2023 viser at lasting av steinen medfører store mengder støv til fjorden som er i ferd med å bre seg vidare i fjorden. På biletet frå 2015 er det ikkje lasting av stein. Ein har ikkje opplysningar om kor lenge det er sidan siste lasting. Det er grunn til å tru at fargenyansane i fjorden skuldast støv.

Foto: Norge i bilder

Fisk treng oksygen for å leve. Fisk får oksygen ved at vatn strøymer gjennom gjellene. Inneheld vatnet støv legg det seg på gjellene og fisken døyr.

Tiltakshavar (selskapet) har leigd konsulentselskap til å utgreie konsekvensar av tiltaket for miljø, naturressursar og samfunn.

Innkomne merknader går fram av rapporten side 105 -128.

  • Sitat Bremanger Fiskarlag: Fryktar same situasjon som Dyrstad/Gulenfjordane der fisket blei kraftig redusert pga. forureining frå steinbrotet.

  • Sitat Strømmen Lakseoppdrett AS (Mowi ASA): Oppdrettsfisk er svært sårbar for steinstøv og partikler...

  • Sitat rapport side 56 Interessemotsetnader: Oppdrettsanlegget ved Løypingsneset ligg så langt unna at berre finstoff vil kunne nå frem til anlegget. Partikkelkonsentrasjonar av denne storleiken vil ikkje vere noko problem.

Kommentar: Det er det mest finkorna støvet som legg seg på gjellene til fisken.

Tidevatn er eit naturfenomen som skapar flo og fjære to gongar i døgnet langs kysten og i fjordane. Skilnaden på flo og fjære i våre område er på vel 1m og medfører flytting av store mengder vatn inklusiv det som er i vatnet som steinstøv. Merkeleg nok er dette fenomenet ikkje med i konsekvensutgreiingar og vedtaksgrunnlag korkje for Nordgulen, Frøysjøen eller Førdefjorden.

Utskiping av stein i Frøysjøen vil ha negativ verknad for fiske og akvakultur i fjorden.

Oppdrettselskap har utfordringar når det gjeld lus og avfall. NRK sitt program "Oppsynsmannen Løsningen" viste eit oppdrettsanlegg der ein hadde løyst desse problema. Gjer ein Frøysjøen ubrukeleg/lite attraktiv for oppdrettselskap vil nasjonale og internasjonale selskap velje andre kommunar med meir gunstige forhold. Det medfører tap av lokale arbeidsplassar.

Foto: Norge i bilder

Riksantikvaren: Sjøvegen inn Frøysjøen til Vingen viser landskapet slik det såg ut i førhistorisk tid, fordi det er utan større moderne inngrep.

Riksantikvaren vurderer samfunnsnytte opp mot kulturmiljøverdiane og anerkjenner næringsinteressene, men i dette tilfellet meiner vi at tolegrensa for dette viktige landskapet og kulturmiljøet er nådd og at det planlagde steinbrotet ikkje er akseptabelt. I den samanheng ser RA at konsekvensen for den kommunale økonomien er lite positiv.

Næringar og organisasjonar som er opptekne av kulturlandskap og naturopplevingar har med rette uttalt seg negativt til tiltaket i Hennøystranda. Hennøystranda er ei fråflytta grend. Støy og støv frå anlegget vil gjere det lite attraktivt for grunneigarane å nytte eigedomane til fritidsbustader.

Støy frå sprenging fjell og tøming stein i sjakt høyrer ein i fjella på Bremangerlandet, inklusiv Hornelen. Eit nytt anlegg med sjakt mot Frøysjøen vil forsterke dei negative opplevingane. Det gjeld òg bygda Berle som frå før har blinkande raude lys i åsynet.

Før vindkraftanlegga prega fjellheimen hadde eg nokre tiår gleda av å gaide norske og utanlandske personar til Hornelen. På veg tilbake frå Hornelen med ei gruppe på ti personar frå Noreg, Island og Austerrike rasta vi ved vatnet. Gruppa hadde dei siste to vekene gått Hardangervidda og vore på Skåla. Dei påstod at Hornelen var den største opplevinga av dei tre turane. Det grunngav dei med kombinasjonen av hav og urørt natur.

Den største gruppa var 50 personar frå Fylkesmannen som var på blåtur på Knutholmen. Før start frå Berleneset opplyste eg at eg gjekk alltid med dei siste og dei som la i veg på eiga hand gjorde det på eige ansvar. Det var mykje spreke personar og omlag ein tredjepart danna raskt ei frontgruppe. Etter vel ein time kom vi inn i dalsøkket før oppstigninga til sjølve Hornelen og oppdaga ei gruppe som stod og veiva på fjelltoppen i nord. Vi vart fort einige om å late som vi ikkje såg dei og heldt fram innover dalsøkket. "Raset" som tok laust nedover fjellsida i nord utløyste mykje god humor. Konklusjonen var at når kunnskapsgrunnlaget var mangelfullt vart resultatet lite vellukka.

Arbeidsplassar med stein frå steinbrotet er utsette for helsefarleg støv frå kvarts. Gruva i Bremanger ligg i eit område med mykje sandstein. Kvartsinnhaldet er 40 prosent. Kvarts er helsefarleg når det blir til svært finkorna støv gjennom knusing, sprenging eller boring. Det går heilt ned i lungene, festar seg og forsvinn ikkje. Konsekvensen av å puste inn for mykje er lungesjukdomar som KOLS, emfysem og lungekreft.