Utskiping i Hennøystranda, ein ny sjanse for politikarane

Eit innbyggjarinitiativ opnar no for ei ny politisk behandling av denne saka. Då kan det vere eit poeng å belyse sider av saka som ikkje tidlegare har vore særleg vektlagt for politisk behandling.

Ny behandling, nye tankar?

Dette er faktorar som handlar om kulturminna rundt Frøysjøen og Skatestraumen. Kulturminne som kan gje grunnlag for nye arbeidsplassar, auka besøkstal, og vere ei bærekraftig satsing på dette område med store kulturskattar som Bremanger kommune har i rikt monn.

Å satse på dei lokale ressursane og unike kvalitetar ved området er mykje meir framtidsretta enn å la industrien øydelegge for all framtid.

Nemnde område har dei siste åra vore definert av Riksantikvaren som «Kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse » (KULA-område). Det spesielle ved området er at det ikkje er påvirka av fysiske inngrep i landskapet. Ein kan reise gjennom landskapet og oppleve kulturminne frå steinalder, bronsealder og vikingtid, på den tidas hovudveg som var skipsleia. Med Hornelen kneisande med magisk kraft over ferda. Dette er det særeigne ved området som no kan bli øydelagt av støyande, støvande og visuelt øydeleggande industri. Så det handler ikkje berre om utsikta frå Vingen.

Grendalaga bryr seg om dette

Kultureininga i Bremanger kommune har sidan 2018 arbeidt med ei samla kartlegging av kulturminne, - miljø og -landskap i kommunen. Dette er samla i ein Kulturmiljøplan med handlingsplan som blei politisk vedteken i 2021.

Gjennom arbeidet med planen blei det gjennomført møter i alle grendalag. Møtene viste engasjerte, kunnskapsrike og stolte innbyggjerar som hadde ei sterk  tilknytning til sine lokale kulturminne, og som var opptekne av at kulturen skulle formidlast og takast vare på. Dette er ein lokal ressurs som skaper bulyst og lokal stoltheit.

Handlingsplanen blei vedtatt for 2021-24. Den har ulike prioriterte område som handla om formidling av kulturminna. Dei fleste prosjekta er gjennomført (Grotle, Smelt i Svelgen m.m.) men det viktigaste, og det prosjektet med høgst prioritet i framtida, er Visnings- og kunnskapssenter for Vingen.

Politikarane må handle

Arbeidet med dette skulle organiserast gjennom SMB- prosjektet (Prosjekt for små og mellomstore bedrifter i Bremanger kommune) Det blei gjennomført ei analyse som grunnlag for etablering. Denne viste brei interesse frå ulike fagmilø om å etablere eit senter for formidling av dei ulike kulturminna og kulturlandskapa i området. Kommunal styring og involverte fagmiljø var viktige krav. Politisk vilje og vedtak om eit forprosjekt er nødvendig og avgjerande for å nå dette målet.

Verdsarvstatus for Vingen

Det er politisk vedteke i Bremanger kommune at ein skal søke verdsarvstatus for Vingen. Det er strenge krav for å bli tildelt ein slik status av UNESCO. Eit viktig kriterie her er det urørte kulturlandskapet i KULA-området. Det krev kvalifiserte tilsette i kommunen for å gjennomføre ein slik søknad og arbeidet må prioriterast internt. At Verdsarvstatus for Vingen i Bremanger kommune vil medføre auka besøkstal og krav om tilrettelagte fasiliteter er sjølvsagt. Her vil eit kunnskapsenter ha stor betydning.

Visingssenter vil gje bulyst

Om Bremanger kommune og ulike fagmiljø samarbeider om eit visingssenter vil ein kunne samle ulike fagmiljø og  vere ein aktivt møteplass for kulturformidling for mange målgrupper. Dette gir arbeidsplassar. Med mange besøkande vil ein opne for at også lokale ressursar som guidar, båtførarar, tradisjonshandverkarar  m.m. vil kunne skape seg eit levebrød. Slik aktivitet vil igjen kunne føre til auka interesse for å etablere nye tilbod, gje tilflytting og ikkje minst bygge opp under den lokale stoltheita for dei lokale kulturressursane i området.

KULA-område gjeld Berle, Hennøystranda, Vesle Hennøya, Vingen, Hornelen, Gloføykje og resten av Skatestraumområde. Kva finn vi her som kan opplevast som ei unik tidsreise?

– Landskapet er i stor grad uendra av fysiske inngrep sidan steinaldermenneska rissa sin kunst på berga i Vingen.

- Helleristningsfeltet i Vingen er Bremanger kommune sin største kulturskatt. Kjent og beundra av besøkande og fagmiljø nasjonalt og internasjonalt.

– Verdsarvstatus for Vingen vil generere besøkande frå heile verda.

- Leia var riksveg 1 for reisande frå nord til sør i ulike farkostar til ulike tider. Det viser ulike teikn på busetning i Skatestraumen, funn av objekt frå Middelhavsområde m.m.

– Runesteinen som ligg på Vesle Hennøya er tolka av runeforskar Magnus Olsen i 1945. Han tolker runene som eit klart teikn på respekten for magien og trolldomen i Hornelen (Smalsarhorn). Det tyder også på at innsida av Vesle Hennøya var ein trygg stad å søke ly for ruskever på ferda. Runesteinar er sjeldne på våre kanter og denne er i dag særdeles underkommunisert som kulturminne.

– Hornelen si betydning gjennom heksemagi og trolldom, knytt til sagakongar og skipsfart. No også utpeika som nytt nasjonalparkområde.

– Berle si plassering i skipsleia og historisk vitnesbyrd frå ulike tider. Her er funn av skip frå Gotraneset, Skarsteinskipet, som er frå 700-talet og tidlegare enn dei store kraftige vikingskipa som blei laga seinare. Kjølen på 9 meter ligg på Norsk sjøfartsmuseum i Bergen og er deira store stoltheit. Det høyrer heime i Berle.

– Berle som heimstad for den kjente berserken Berle- Kåre. Oldefar til den kjente skalden Eigil Skallagrimson frå Island og far til sønene Olve Nuva og Øyvind Lambe som er kjente mellom anna som krigarar på Harald Hårfagre sitt skip i slaget i Hafrsfjord.

– Seinare historie kan bli formidla i Rugsund handelstad og den spesielle kyrkja i Rugsund som har same arkitekt (H.F.Linstow) som teikna Det kongelige norske slott i hovudstaden.

– Tongane krigsfort taler si historie frå siste verdskrigen.

Vi kan sjå over kommunegrensene og lære av korleis dei prioriterer formidling av kulturminna sine. Sagastad på Eid fortel om deira kong Audbjørn, men det gedigne vikingskipet trekker like mykje folk. I Selje har dei tilsett ein person som i samarbeid med Riksantikvaren skal gjennomføre eit forprosjekt der målet er å finne måtar å formidle sine kulturminne.

Riksantikvaren har tilbod om fagseminar med tema «Kulturmiljø og lokal samfunnsutvikling» som er høgst relevant her.

Å tenke bærekraftig utvikling av eit lokalsamfunn krev ein bevisst strategi på kva som trekkjer folk (besøkande og tilflyttarar). Det krev eit kommunalt fokus og gjennomføringsevne og ikkje minst ei politisk målsetning, prioritering og handling. Ein må sette fokus på kva som er bra for kommunen og innbyggerane og ikkje sluke rått det som kjem av utenlandske kapitalkrefter som vil utnytte våre natur- og kulturressursar med lovnader om arbeidsplassar.

At Bremanger kommune og kommunalminister Erling Sande har gjett løyve til utskiping av grus frå steinbruddet på Dyrstadfjellet i dette område er ubegripelig. Alle andre fagmiljø har sterke motsegner. Fagpersonar frå inn og utland leverer fortvilte opprop.

 Frå Australia sender professor Paul S. C. Tacon brev til ordføraren i kommunen og  ber dei besinne seg. Å oppleve historia ulike plassar i verda er noko dei fleste søker på sine utanlandsturar; la oss ikkje bli blinde for våre eigne kulturskatttar!

Det er lov å ombestemme seg

Å hevde at det viktigaste er kva lovnader som er gitt til næringsaktøren, kan ikkje bli det avgjerande i denne saka. Lovnader kan ikkje gis utan endelig politisk vedtak.  Med eit innbyggerinitiativ må saka behandlast på nytt.

At saka har vore vedtatt av tidlegare kommunestyre er etter vår meining basert på manglande kunnskap. Stemma til kultureininga og krav om bevaring av området har ikkje vore høyrt. Heller ikkje kva angår KULA-område si avgrensing. Hensynet til kulturminna har vore underkommunisert, og det er difor på sin plass å ta dette opp til ny politisk behandling. Ei behandling der verdien av kulturminna i området også blir vektlagt og at arbeidsplassar kan baserast på desse verdiane.

Det vitnar om politisk integritet og klokskap å kunne ombestemme seg etter å få framlagt ny kunnskap!