Malakoff og vêrgudane

Alle med nokre år på baken veit følgande: Yr og Storm tek feil når det gjeld Malakoff-vêret. Dei er altfor pessimistiske. Sola bryt alltid fram gjennom skydekket når opningsdagen kjem.

Mogleg eg ikkje har 100 prosent belegg for ordet «alltid» i førre setning, men meininga til ein festivaldeltakar med tjue strake festivalar bak seg er det ingen tvil om: Det faktiske vêret på festivalen har alltid vore vesentleg betre enn førespegla av meteorologane.

Det kan ofte vere lurt å «underselje» litt. For då blir som regel sjølve opplevinga ein opptur. Men makan til «undersal» meteorologane held på med i år! Kven prøver dei å lure?

Sjølvsagt skal det bøtte ned i dagane før festivalstart. Sjølvsagt skal alle som riggar scener, telt og barområde bli søkkblaute under arbeidet. Det er tradisjon, det. Like mykje som det er tradisjon at skydekket letnar når helga kjem.

Tradisjon betyr «sosial praksis og verdiar som folk i fellesskap overfører til nye generasjonar». Slikt køddar ein ikkje med. Det må meteorologane i storbyane begynne å forstå. Dei må skjønne at lokale vêrgudar er spinnville etter rock og held dei verste bygene på trygg avstand lenger uti fjorden. Dei ber Trollenykjen og dei andre fjelltoppane kring bygda stå bryske og barske og demme opp for alt styggevêr som prøver seg.

Og skulle det no kome eit par dråpar, ja kva so?

Eg har høyrt at det regna på laurdagen under festivalen i 2015. At det bøtta ned når dei elleville svenskane i Hoffmaestro og ikkje minst rockefantoma i amerikanske Rival Sons slo seg lause på scena. Det må vere ei sterk overdriving. Eg var der, rett framføre scenekanten, i lag med ein diger skokk ivrige publikummarar som song med på strofa «We can dance until the sun comes...». Dråpar ovanfrå må vere det vi brydde oss minst om på gjeldande tidspunkt. Og for dei blant publikum som heller dyrka samtalen då regnet kom, så var dei heldigvis på verdas mest nedbørsvennlege utandørsarena. Under dei store trea i Malakoff er det alltid ly å finne.

I år kjem Rival Sons tilbake. Det håpar eg alle andre gjer òg. Kjøp ein billett og ta del i mektige Malakoff – du kjem ikkje til å angre!