Bryggja omsorgssenter

Bryggja utviklingslag ser med stor uro på administrasjonen i Stad kommune sitt forslag om nedlegging av Bryggja omsorgssenter.

Nedlegging av omsorgssenteret vil vere eit stort tap for Bryggja og nærliggande bygder. Utviklingslaget er overtydd om at dei aller fleste som treng omsorgsbustad i dette området ønskjer å få eit slikt tilbod i sitt nærmiljø. Det har utan tvil ein stor verdi for helse, trivsel og velferd at alle får bu i sitt eige kjende miljø så lenge som mogleg.

Eit desentralisert butilbod vil gjere det lettare for alle å ha god dagleg kontakt med venner og familie.

Dette vil ha ein så stor og uvurderleg verdi for den enkelte, at sjølv om det skulle finnast økonomisk rimelegare alternativ, bør Bryggja omsorgssenter med butilbod prioriterast og vidareførast. Økonomiske omsyn må ikkje vege tyngst når det gjeld velferdstilbod for våre eldre.

Utviklingslaget vil peike på at Bryggja ligg slik til at det er den bygda som har lengst avstand til liknande institusjonar på Nordfjordeid og i tidlegare Selje kommune og vil såleis vere mest sårbar for nedlegging og sentralisering av velferdstilbod.

Tal frå helsedirektoratet syner at frå 2020 til 2040 vil det bli ein spesielt sterk auke blant dei som er 80 til 89 år. I 2020 utgjer aldersgruppa 80 år og eldre 4,3 prosent av befolkninga. I 2040 vil denne kome på 8 prosent. Dei demografiske endringane vil variere med kommunestørrelse, men trendane talar ikkje til vår fordel. Mykje tyder på at ein må tenkje langsiktig og bevare dei omsorgsplassane vi har.

Bryggja utviklingslag vil med dette på det sterkaste oppmode politikarane i Stad kommune om å gjere alt som er mogleg for å oppretthalde drifta ved Bryggja omsorgssenter.