Når politikarane i tidlegare budsjettmøte la ned kjøkkenet i Måløy var det for å spare 1,8 millionar kroner. Saka vart behandla med nokre få linjer i budsjettet. Mest som ei orienteringssak frå tidlegare rådmann si side. Han viste til konsulentrapporten som konkluderte med ei slik innsparing. Dette trudde fleirtalet av politikarane på. Men, i denne rapporten er dei teke klare atterhald om talmaterialet frå Bordgleder/kommunen var rette. Konsulentane meinte det var grunn til å sjekke ut dette då postane som gav grunnlaget var for lite spesifikke. Er grunnlaget feil vert sjølvsagt konklusjonane meir som «tenk på eit tal».

Eg har undra meg over korleis politikarane kunne tru på eller godta slike tal? Kven fann ut at kjøkkenet i Måløy var «ein av steinane dei måtte snu på», for å få budsjettet i balanse?

Eg har snakka med tre av dei tidlegare tilsette ved det kommunale kjøkkenet i Måløy. Eg har fått lov å gjengi korleis dei opplevde korleis dette gjekk til og dei har lese det eg har skrive under om dette. Eg opplevde at dei tre tilsette eg har snakka følte seg heilt overkøyrde og at det verste for dei var at dei følte det var inga interesse for å høyre kva dei meinte om denne saka. Dei følte at saka var opp og avgjort frå kommunen si side og at deira innspel hadde inga interesse.

Kommunedirektøren har ikkje mandat til å seie at ei sak er opp og avgjort før kommunestyret har sagt sitt. Hans plikt er å greie ut saka for kommunestyret. Budsjettmøtet der kommunestyret la det ned kom fyrst i desembermøtet.

Eg må seie at eg er skamfull på Kinn kommune sine vegne. Slikt skal ingen tilsette måtte finne seg i.

Her er punkt som bør ein vektlegge når kjøkkenet igjen skal opnast.

1. I rapporten frå 090321 viser at Måløy produserte til kr 138/måltid – Bordgleder til kr 172/måltid. Måløy vil då produsere ca. kr 700.000/år billegare enn Bordgleder pr. år. Eg meiner det ikkje er millionar å spare på å ha eitt kjøkken. Eg trur det blir mykje dyrare enn med to kjøkken som før.

2. Kjøkkenet i Måløy hadde direkte linje til Kulatoppen kvar morgon. Dei tilpassa mengde og diettar etter dei informasjonar dei då fekk. Dette kan Florø sjølvsagt ikkje gjere, dei som leverer per veke. Dei sender vakuumert mat til kjøling i Måløy. Med tillegg av litt ekstra i reserve for å ha nok. Dei veit ikkje når og kven som vert borte den veka. Maten må i tillegg handterast av dei i Måløy, og takast igjen og varma opp igjen på kvart enkelt tun. Dette går av dei tilsette si tid til pleie og omsorg. Tilsette eg har snakka med meiner at det er blitt eit mykje større svinn og kasting av mat med Bordgleder. Det vert sjølvsagt betalt for alt som er tillaga og vert kasta. Då vil eg tru at dette må bli dyrt. Her er det igjen et stort pluss til kjøkkenet i Måløy – meir miljøvennleg og ein klar vinnar.

3. Eg trur Bordgleder bruker innkjøp i mindre kvanta/beger og mykje plast. Slik eg har forstått det kjøpte Måløy inn i større kvanta som var billegare, og brukte lokalsamfunnet. Dette gav igjen en miljøgevinst i favør Måløy. Både billegare pris og meir miljøvennleg utan all plasten.

4. Kjøkkenet i Måløy brukte sin lokale kunnskap til lokale innkjøp av fersk fisk o.l.

Snorre leverte blodfersk fisk direkte på døra. Bordgleder kan ikkje konkurrere her på fiskemåltid.

5. Kaffimaten/dessert. Bordgleder bruker meir platekaker og diverse ferdige produkt/ beger. Måløykjøkkenet dreiv med heimebakst og lokalt tilpassa mat. Den var i mine auge mykje betre og meir variert.

6. Måløy vidaregåande skule brukte Måløykjøkkenet som var ein svært profesjonell utplasseringsplass. Her var både institusjonskokker og baker så det var heilt topp. Enkelte elevar kan ikkje reise vekk. Dei som reiser vekk no må til Stad kommune. Slik eg har forstått det har elevar budd vekke, men har flytta heim igjen og vil då helst ikkje pendle. Her i Måløy trengst kokkar – både på sjø og på land. Dei bygger lokalsamfunnet og nordre Kinn.

På kjøkkenet i Måløy var det tilsett eit profesjonelt personale. Her var fleire institusjonskokkar. Dei er spesielt utdanna for institusjonar med spesielle diettar og tilpassa mat. I tillegg hadde dei eigen bakar.

Kan vi få dei tilbake? Svaret er faktisk ja.

Dei tre tilsette eg har snakka med har alle eit krystallklart krav: «Aldri under Bordgleder». Dei vil styre seg sjølve slik som tidlegare og bruke sin lokale kompetanse tilpassa lokalsamfunnet dei lever i. Og her kjem det mest fantastiske: Dei klarte som sagt å produsere kvart måltid 34 kroner billigare enn Bordgleder. Ei årleg innsparing på 700.000 kroner. Og, i tillegg ifølge dei tre tilsette brukte dei aldri opp budsjettet sitt. Kvart år gav dei vidare til ekstra tid /pleie på Kulatoppen ca. 150.000 kroner. Snakk om budsjettdisiplin. Dei stod på 7 dagar i veka.

Konklusjonen må etter mi meining vere: 1. Dei tidlegare tilsette får tilbod om å gå tilbake til jobbane dei hadde på kjøkkenet.

2. Bordgleder avviklar i Måløy. Dei er berre med til kjøkkenet i Måløy er «oppe å gå» igjen.

3. Det nye budsjettet til Måløykjøkkenet er å produsere til same pris/måltid som Bordgleder tek i dag. Overskotet (dei heilt sikkert får) går rett tilbake til å drive Kulatoppen.

Etterpåklokskap er ofte kalla «den einaste korrekte vitskapen». NB! Stad kommune har no funne ut at der ingen ting er å spare på berre eit kjøkken. Der har rådmannen gjort jobben sin til kommunestyret og fått saka behandla som det skal gjerast. Ein treng ikkje vere «rakettforskar» for å forstå at dette er det beste for alle partar spesielt i Kinn kommune.