Skram går framover

Mange er opptekne av kva som skjer med Skram skole og er uroa for framdrifta. Det er naturleg og eg skal som leiar i Prosjektutvalet fortelje om kor prosjektet står.

Kostnadskalkylane for ny Skram skole er basert på nasjonale rettleiarar for fastsetting av pris på skulebygg. For eit år sidan var ny skule på dagens tomt berekna til om lag 330 millionar. 60 av desse må tilskrivast utfordringane ved tomta.

Kommunestyret har meint at kostnaden er for høg og vi må sjå på kostnadsreduserande tiltak. Forslag om å vurdere andre tomter kor bygget kunne bli rimelegare er blitt avvist. Etter dette har Skram skole har vore gjennom fleire rundar med kostnadsreduserande tiltak, og tilpassingar i forhold til politiske avklaringar undervegs. Prosjektet blir kontinuerleg arbeidd med saman med vår leverandør HRP.

Etter siste politiske vedtak 10.02.22 er leveringsplanen at eit skisseprosjekt skal vere ferdig den 03.10 og ny kostnadskalkyle skal vere klar den 10.10. Med denne framdriftsplanen skal vi rekke rapporteringsfrist for å nå budsjettarbeidet i haust. I tillegg skal det vere oppstart for sluttleveranse av kravspesifikasjon og rammesøknad for nytt skulebygg innan utgang av oktober. Framover i november vil en gjennomføre såkalla «usikkerheitsanalyse». Endeleg kravspekk skal vere ferdig utarbeida 22. desember.

Reguleringsplan for skuletomta er sendt til planavdelinga i juni og vil bli handsama der. Planen har nokre utfordringar på grunn av avklaringar rundt Skramselva.

Prosjektavdelinga jobbar altså kontinuerleg med ny skule. Framdrifta i prosjektet er slik at ny skule kan innarbeidast i budsjettet for 2023. Alle parti har signalisert at ny Skram skule er vår viktigaste investering. Om det er Kinn kommune som skal bygge skulen er det ikkje andre hinder enn finansiering som eventuelt kan utsette bygging. Om kommunen blir delt vil det nok vere naturleg at nye Vågsøy kommune sjølv bestemmer om skulen skal realiserast etter planane eller ikkje.