Vi skriv 2024, kvifor er det framleis slik at mannsdominerte yrke får eit anna tilbod knytt til arbeidstøy?

Norsk Sykepleierforbund meiner at arbeidsgjevar må tilby sjukepleiarar og anna helsepersonell i kommunen si heimeteneste arbeidstøy, som er tilpassa årstida. På same måte som tilsette i tekniske tenester og i industrien som får arbeidstøy på bakgrunn av behov og årstid.

For sjukepleiarar og anna helsepersonell i heimetenesta er det ikkje sjølvsagt at arbeidstøy er tilpassa behovet. For eit par månader sidan viste gradestokken i fylket vårt tosifra minusgrader. Tilsette i heimetenesta har behov for meir tilpassa arbeidstøy enn berre uniform, same uniform som nyttast inne på sjukeheimane.

Svært mange kommunar i Norge har framleis ein forskjellsbehandling i kva som blir tilbydd av arbeidstøy til ulike gruppe arbeidstakarar. Det kan sjå ut som om mannsdominerte yrke får eit anna tilbod og at arbeidstøy er betre definert og sett i system.

Industrien som denne gruppa ofte blir samanlikna med i andre samanhengar, kan hente ut nødvendig utstyr som ulltøy, sokkar, sko, samt kjeledressar, med eller utan for alt etter kva årstid det er. I tillegg har dei også ofte gode og tilpassa jakker som kan nyttast i all slags vêr.

Det ser ut til at det har danna seg ein praksis i dei fleste kommunar på at arbeidstøy er ulikt definert avhengig av om ein arbeider i teknisk sektor eller i helse og omsorgssektoren. Kvifor er det slik i 2024?

Er årsaka at tilsette i teknisk sektor i større grad arbeider utandørs med for eksempel vatn og røyrsystem? Dei tilsette i heimetenesta har ein arbeidskvardag der det blir mykje inn og ut av bil og gonge mellom pasientar og brukarar i arbeidskvardagen.

Her på Vestlandet er det mykje regn heile året, på vinterstid hender det og at det kjem snø og is. Tilsette er ute i all slags vêr og står å fjernar snø og is ifrå bilane før dei kan køyre vidare til neste oppdrag. Er det slik at arbeidsgjevar ser for seg at dette skal utførast i tynn bomullsuniform?

Status i dag er at mange tilsette i heimetenestene «sponsar» kommunane med sko og privat yttertøy for å ikkje bli gjennom våte eller fryse når dei er på arbeid.

Norsk Sykepleierforbund vil hevde at dette handlar om ein kultur der ein ser annleis på dei tradisjonelle manns og kvinnedominerte yrka. Ein tradisjon som må snus. Tilsette i heimetenestene må få tilbod om nødvendig arbeidstøy som er tilpassa behovet.

Norsk Sykepleierforbund Vestland vil gje Kinn kommune ros for at dei har tatt tak i nokon av desse utfordringane som blir peika på her, ved at tilsette i heimetenesta har fått ytterjakker og fleecejakker.

Norsk Sykepleierforbund Vestland vil i år blant anna gå bak ein av parolane om arbeidstøy, noko som skulle vere helt unødvendig å kjempe for i 2024!