Ein del av noko større

Som fyrstekandidat for Stad SV, og som ukjent, i alle fall i politikkens korridorar vil eg gjerne dele nokre tankar om kvifor eg gjekk frå å vere motstandar og til dels aktivist mot politisk styre, til å bli politikar.

Eg har ein grunnleggjande tanke og filosofi om at verda går framover om vi tek vare på den. I dag har vi 11 % villmark igjen på fastlands-Noreg. Kor fort resten skal forsvinne er avhengig av du som les dette og meg.

Den viktigaste ressursen vi har på jorda er havet, og det er under sterkt press. Ikkje berre av fiskeri, cruiseturisme og godstrafikk, men av planar om å installere enorme industrifelt der. Industrifelt som skal forsyne den vestlege verda, Europa, med kraft. Kraft for å oppretthalde industriell vekst, og personleg overforbruk.

Havet kan klare seg utan oss, og det vil kunne klare seg mykje betre. Men vi kan faktisk ikkje klare oss utan det. Havet har gitt nordmenn mat i fleire tusen år, og det kjem til å fortsette med det, om vi ikkje forureinar det.

Industrifelta eg snakkar om er vindkraft. Vindkraft som vert plassert i horisonten av det vi kan sjå frå fjøresteinane. Vindkraft som skal berge verda, men vil øydelegge havet, kystfisket og levebrødet til mange langs heile den norske kysten. Vindkraft som vil plasserast på gytefelt og midt i vandringsruta til dei ressursane vi har vore avhengige av sidan vi busette oss i dette landet, torsk, sei, sild og makrell.

Som ein enkel mann som verdset naturen er det enkelt for meg å snakke om å ta vare på. Men i ein valkamp er det uendeleg mange fleire alvorlege saker. Saker som skal ta vare på menneskje som bur her i vår kommune. Saker som kommunen er pålagde av regjering og Storting. Eit enkelt nettsøk vil vise dykk ei oversikt over «kommunens lovpålagde oppgåver og tenester»

Problemet med alle desse oppgåvene er at det kostar, mykje, og alle vil ha. Samfunnet vert stadig meir komplekst, og ting går fortare for kvar dag. Økonomien er alle sitt daglege problem, difor jobbar vi stadig meir for å få denne på plass. Og det er då det vert lett å gløyme det som er vårt felles eige. Både til å hauste av, og til å bruke til rekreasjon, naturen og havet.

Slik eg ser det har vi nokre val. Vi kan fortsetje med å bygge industri i natur for eiga vinning, men på lang sikt er dette rett og slett ikkje det smartaste vi gjer. Vi kan fortsetje med å oppretthalde personleg overforbruk og overlate all styring til sentrale politikarar, EØS, Acer og EU som berre vil bruke kystnære område på land og til havs for å sikre seg sjølve. Det trur eg heller ikkje er lurt.

Eller vi kan ta personlege grep, som gjer denne staden her på kysten av Vestlandet, i utkanten av resten av verda, til ein betre plass å bu. Vi kan starte med å ta vare på kvarandre. Samarbeide framfor å krevje. Når eg vaks opp var dugnadsånda mykje større enn i dag. Det må vi gjere noko med, og det handlar ikkje om at staten skal spare pengar, men om at vi skal få det betre her.

Og det er noko av det kommunevalet i år, og Stortingsvalet om 2 år handlar om. Kva vil du? I alle val sidan eg starta å følgje med, handlar alt om skattar og avgifter, utbyggingar og lovnader om både det eine og det andre. Lovnader som stadig sjeldnare vert oppfylt.

Livet på jorda handlar ikkje å tene seg rik på andre sitt slit. Det handlar om større verdiar. Familie og vener, nære relasjonar er særs viktige. Det er ikkje alltid enkelt, noko alle veit. Men livet er ikkje berre ein dans på roser, det er hardt arbeid for å leve det. Diktet skreiv eg for 12 år sidan, og når eg les det på nytt i dag er betydninga like stor, om ikkje større.

Likesæle

Dei tok fossane utan at eg brydde meg,

for eg eigde ingen foss.

Dei tok fjordane utan at eg brydde meg,

for eg eigde ingen fjord.

Dei tok kysten utan at eg brydde meg,

for eg budde ikkje der lenger.

Når dei hadde

tatt alt

var det ikkje meir.

Då brydde eg meg.