Kinn Ap røysta mot eigen politikk

Ope brev til Ola Teigen og Silje Ødegård Standal

Kinn formannskap vedtok på siste møte den 27.11.23 uttale til oppdrettsmeldinga (NOU 2023:23).

Administrasjonen sitt forslag i ni punkt var greitt, men litt mangelfullt og Raudt hadde difor følgande to tilleggspunkt til høvesvis punkt 1 og punkt 2.

1. Kinn kommune er nøgd med at NOU 2023:23 omhandlar sentrale problemstillingar og syner løysingsforslag til berekraftig vekst i akvakulturnæringa.

Tilleggsforslag frå Raudt Kinn:

Retten til å drive havbruk i vår felles allmenning skal vere tidsavgrensa, men slik at tidsavgrensinga har ei varigheit som gir føreseielegheit for investeringar, innovasjon og forsvarleg drift. Kinn kommune ber regjeringa sørge for at det gjennomførast ei utgreiing med sikte på å innføre ein tidsavgrensing av nye havbruksløyve, og komme med forslag til korleis ein kan gjennomføre dette. Ein slik utgreiing må også omfatte ein vurdering av varigheita på allereie gjevne løyve, og om det kan setjast ei tidsavgrensing for disse.

2. Kinn kommune har forventingar til at det kjem på plass løysingar som bidreg til eit havbruk som i mindre grad påverkar miljøet, og at dette vil kunne bidra til auka produksjon, verdiskaping og sysselsetting.

Tilleggsforslag frå Raudt Kinn:

Kinn kommune vil at dødelegheit og påverknad på ytre miljø skal med i nye kriterium til trafikklyssystemet, reguleringsmekanismen som avgjer om produksjonen kan aukast. Det er urovekkande at utvalet foreslår at lusegrensa kan overskridast mot betaling, og at volumavgrensingane på lokalitetane opphevast . Lakselus og rømming er definert som den største trusselen mot våre ville laksestammar, og forslaga frå havbruksutvalet tar oss i heilt feil retning."

Begge tilleggsforslaga blei nedstemt. Forslag til punkt 1 fekk 3 stemmer (R/Sp og SV) og forslag til punkt 2 fekk 4 stemmer (R/Sp/SV og V).

Begge representantane frå Ap valde å stemme mot Raudt Kinn sine forslag.

Ordlyden i Raudt Kinn sitt forslag til punkt 1 er nøyaktig det som Ap fremja som representantforslag i Stortinget, då den var til behandling i førre stortingsperiode.

Einaste forskjell er at ordet storting er bytta med Kinn kommune.

At høgresida i politikken er mot å tidsavgrense konsesjonane i oppdrett og å stille strengare krav til ureining og dødlegheit er som forventa. Men kva i all verda er det som går før seg i Kinn Ap når deira to representantar i formannskapet stemmer mot det som Ap på Stortinget hadde som sitt forslag?

Kan det vere at Ap i Kinn har dreidd politikken sin så langt til høgre at dei faktisk er meir samd med dei borgarlege enn Ap si Stortingsgruppe?

Kan det vere at når forslag kjem frå Raudt Kinn så ser Kinn Ap bokstaveleg «Raudt» og stemmer mot sjølv om det er sine eigne forslag dei stemmer mot?

Vi i Raudt kjem sjølvsagt også i framtida til å løfte fram fornuftig politikk også frå andre parti når det høver slik. Så om det var ein glipp at ein ikkje kjente igjen sin eigen politikk, så kan det vere lurt å finlese forslaga frå Raudt i framtida.