Venstre vil finne pengar til turområdet i Deknepollen

Kinn Venstre brenn ikkje berre for dei store utviklingsprosjekta i Kinn kommune. Slik vi ser det er det vel så viktig å støtte opp under dei mindre, men likevel vel på sitt vis store utviklingsprosjekta som frivilligheita står bak. Som fremmar bulyst, folkehelse og får folk ut i natur og nærmiljø.

Gamle Kvalheimsveg, Sørstrand og Lilleåsen i Florø er nokre døme på prosjekt Venstre har gått i front for å finne midlar til i kommunebudsjetta. I oktober var underteikna saman med Jacob Nødseth (V), leiar i planutvalet, på synfaring med Jørgen Blålid i trimløypa og aktivitetsområdet i Deknepollen. Det er fantastisk det som er skapt her, og spesielt Jørgen fortener stor ros for ein fabelaktig innsats over tid. Kva skulle vi gjort utan slike eldsjeler?

Vi i Venstre vil gjere vårt for å finne pengar i kommunebudsjettet for å ferdigstille prosjektet slik det no er planlagt. Og vi vil gjerne også sjå kva vi kan gjere vidare i området. Vi heiar på fleire slike prosjekt i kommunen, og applauderer dei frivillige, privatpersonar og bedrifter som brukar tid og pengar på å skape gode lokalsamfunn. Det skulle berre mangle at ikkje kommunen er med på spleiselaget. Slik bruk av kommunale pengar er på alle måtar god samfunnsøkonomi, og betalar seg sjølv mange gangar. Har du gode idear til slike prosjekt i ditt nærmiljø? Ta gjerne kontakt med oss, så kjem vi på besøk!