Dette innlegget er skrive av Åge Starheim, pensjonist.

Pensjonsbråk

Så opplever vi pensjonistane det igjen, ei regjering svik oss pensjonistar. No er det Støre-regjeringa som vender oss ryggen.

Sidan 8. februar har det pågått forhandlingar mellom regjeringspartia Ap-Sp og SV om endringar i folketrygdlova. No er forhandlingane brutt. Dette fordi SV og regjeringa ikkje vert samde om minstepensjonen. No går regjeringa imot det som dei sjølve har lovt i Hurdalsplattforma, nemleg å auke minstepensjonen. Regjeringa oppnår likevel fleirtal for sitt forslag i ei avtale med Høgre.

Forrige gong var det Solberg-regjeringa som svikta pensjonistane. Då var det Ap, Sp, SV og Frp som tvinga regjeringa til å auke pensjonane. No ser det ut for at Ap og Sp «rotta» seg saman med Høgre for å hindre auke av minstepensjonen.

Her i landet er det no over 1 million pensjonistar. Eigentleg burde vi vere ein betydeleg maktfaktor. Likevel ser det ut for at styrande regjeringar ikkje tek oss på alvor. Hovedårsaka til at myndigheitene ikkje behøver å «bry seg om oss», er at vi ikkje opptrer som ein maktfaktor. Hadde vi vore samla, så måtte politikarane bøye seg for våre krav. Etter mitt syn må det vere pinleg for norske politikarar at 75 prosent av enslige minstepensjonistar lever under EU si fattigdomsgrense.

Er det ikkje snart på tide at vi pensjonistar samlar oss og syter for å sette makt bak våre krav.