Næringsutvikling er ei forutsetning for eitt godt liv i Kinn!

Et godt og mangfoldig næringsliv er viktig for at folk kan bo og arbeide i kommunen vår. Vi i Kinn Høyre ønsker å bidra til at Kinn kommune er positiv og løysingsorientert i møte med nye, kreative og skapande ideer.  I debatten om kva som skaper bulyst og tilflytting er det mange faktorer som spiller inn. Kor skal vi bu, kva slags jobb finst der for ein sjølv og eventuell partner, kva slags skule- og fritidstilbud er det for ungane og ein sjølv, kor enkelt er det å komme seg frå A til B, er det ein trygg plass for ungane å vekse opp - lista er lang og vil nok variere litt alt etter kven ein spør og kvar ein befinner seg i livet.

Uansett trur vi at for dei aller fleste vil eit godt tilbod i barnehage og skule, eit spennande og variert jobbtilbod for to, gode fritidstilbod og etter kvart eit godt tilbod for alderdommen stå høgt på lista. Det gjør det for Kinn Høyre også. Alt dette er oppgaver som kommunen har plikt til å sørge for, og som er avhengige av at kommunen har ein god økonomi. Derfor er ny instutisjon for eldreomsorg på sjukehustomta i Florø og ny Skram skole i Måløy dei viktigste prosjekta å få realisert dei neste åra. For oss i Høyre er også den nye Storhallen i Florø og Nordfjorbadet i Måløy prosjekt vi ønsker å få raskt realisert i lag med idrettslaga, næringslivet og dei private ildsjelene. Klarer samfunnet å gjere slike løft i lag så får vi mange ganger prisen tilbake i form av bulyst, trivsel, fritidstilbud, inkludering, folkehelse og attraktivitet. Frivilligheten med innsatsen og den enorme viljen dei  viser til å stå på for kommunen, byene, bygdene og folkene står det respekt av.

For ein kommune er den suverent viktigaste inntektskilda antall innbyggere, det er talet på innbyggere som avgjer kva overføringer vi får fra staten. Når folk svarer på kva som er viktig for at dei skal flytte hit svarer dei arbeid, sikker jobb eller drømmejobben. Vi må derfor legge til rette for at vi kan bli fleire som kan bu og leve i vår fantastiske flotte kommune.

I Kinn kommune har vi ganske høge inntekter, men det er ikkje hjelp i når vi har latt dei offentlige utgiftene løpe løpsk og har sendt regninga til folk og næringsliv gjennom høgare eigedomsskatt og andre avgifter. Det er altså ikkje trygg økonomisk styring som har skapt grønne tall dei siste åra i Kinn kommune. Det er i hovedsak næringslivet som gjennom høg aktivitet har ført til auka skatteinngang, og dei siste  5 åra har vi mottatt rundt 160 millionar frå Havbruksfondet. Utan dei pengane hadde vi hatt blodraude tall.

Derfor ønsker vi i Kinn Høyre å heie på næringslivet og bidra til at vi blir enda meir en JA-kommune. Vi skal møte nye initiativ med postive auge og en positiv vilje. Vi må gjøre det vi kan for å gjøre det enklere å skape arbeidsplasser. Ting tar litt for lang tid i det norske byråkratiet, og vi skatter litt for hardt, då skaper vi for lite.

I Kinn har vi aldri vore avhengig av (eller fått tildelt, for den saks skyld) offentlige arbeidsplasser. Det er inntekt frå det private næringslivet som i stor grad er forutsetninga for at vi kan tilby gode tjenester og god økonomistyring. I både Florø, Måløy, Eikefjord, Raudeberg, Brandsøy og alle andre flotte plasser i kommunen er det arbeid som er kvardagstrygghet for dei som bur der.