Konservativt er eit trygt val

Partiet De kristne har skifta namn til Konservativt. Handlingsprogrammet til partiet har ikkje skifta innhald. Det ligg fast i stortingsperioden 2021- 25. Vi stiller til val i over 60 kommunar i landet, og i alle fylkesting. I Sogn og Fjordane har vi kommunevallister i Stryn, Kinn og Sunnfjord.

Konservativt har menneskeverdet i sentrum av sin politikk. Vi legg vekt på personleg fridom, rettstryggleik og stabilitet i samfunnet i pakt med dei kristne og nasjonale grunnverdiane. Konservativt vil byggje på nedarva tradisjonar, tru og tenkemåte og sed og skikk som har gjort Norge til eit stabilt samfunn der vi har respekt for kvarandre.

Egil Amsrud, 1. kandidat i Kinn, er til høgre på dette bildet. Foto: Privat

Dette betyr blant anna at vi er for vern av menneskelivet frå unnfanging til naturleg død. Vi trur og at familien med mor, far, barn,  er grunnsteinen i eit godt samfunn, og meiner derfor at ekteskapet mellom mann og kvinne er den naturlege ramma for dette. Vidare vil vi at foreldrene sjølve skal få bestemme korleis permisjonstida med små barn skal nyttast ved å legge til rette for at ein av foreldra kan vere heime med barnet ut over eit år gjennom kommunal kontantstøtte frå 1- 2 år.

Konservativt set også foreldreretten høgt. Det er foreldrene som har ansvaret for at barna skal vekse opp i trygge rammer. Vi ser difor med uro på ei ny undervisning som no har kome inn i rammeplanen i barnehage- og skule når det gjeld kjønn og seksualitet. Vi anbefaler alle foreldre å sette seg inn i dette. Konservativt meiner at undervisninga om seksualitet skal være vitenskapleg basert og tilpassa alderen til barna. Barnehagebarn må få vere barn!

Konservativt vil jobbe for eit godt og trygt læringsmiljø på skulane med tydelege reglar for orden og oppførsel. Vi meiner kristen kultur og etikk skal tilbake i skulen.

Elles har eldreomsorga topp prioritet i kommunevalet. Konservativt vil ha fleire tilsette med kompetanse både på sjukeheimane og i heimetenestene.

Konservativt ynskjer å verne om privatøkonomien til folk  ved å kutte alle ekstraskattar som har dukka opp. Dette gjeld både eigedomsskatt, bompengefinansiering, parkeringsavgifter og formueskatt på både privat og arbeidande kapital.  Konservativt ynskjer ein gjennomgang av kommune- og fylkesøkonomien  for å finne evt. «hol i lommane».

Vi seier kontant nei til å øydelegge naturen med vindparkar til lands og til havs og nei til ein feilslått og utarmande klimapolitikk. Naturen treng CO2. Vi  vil også innføre makspris på straum. Å elektrifisere sokkelen betyr mykje dyrare straum for innbyggarane i Sør Norge. Ein tener ingen ting miljømessig på å sende gassen til Europa for å bli brent der.  Dette må difor skrinleggast.

Kollektivtilbodet må fokusere på gode korrespondansar så folk kjem seg raskt fram. Då vil fleire nytte seg av dette. Vi vil også ha ei revurdering av det dyre vegprosjektet Hordfast. Dette vil gå ut over andre vegprosjekt i Vestland fylke.

Konservativt har også fokus på å ta vare på matjorda. Vi ynskjer auka matproduksjon lokalt og  vi vil opprette kornlager for eit års forbruk igjen. Beredskapslager for mat og medisinar bør opprettast i kvar kommune. Norge må sko seg for framtida.

Konservativt vil jobbe for det programmet vi går til val på i kommune og fylke.

Tenk nytt – stem konservativt!