Konfirmasjonen er ein stor dag for både konfirmanten og alle som står konfirmanten nær. Det er ei markering i livet, noko som ein berre gjer den eine dagen. Konfirmasjonen er eit ritual som markerer overgangen frå barndom til vaksenliv, og ungdommen kan i dag velje mellom fleire typar kristne og ikkje-kristne konfirmasjonsritual.

Felles for dei fleste typar konfirmasjonsritual, er at det er forventa at konfirmanten skal få ei gåve på konfirmasjonsdagen. Det er kanskje det som skapar dei største utfordringane for alle som står rundt konfirmanten? Kva pengesum er passande å gje til konfirmanten på den store dagen?

Menneske er flokkdyr, og samanliknar seg med andre. Konfirmasjonsgåver er nok ikkje noko unntak her. Både konfirmanten sjølv, og dei som skal gje gåva til konfirmanten har sine tankar om kva som er passeleg. Mange spør seg nok i desse dagar kva er vanleg å gje i konfirmasjonsgåve.

Fleire finansinstitusjonar har eit ønske om å vere til hjelp her, og har derfor gjort nokre undersøkingar som dei deler saman med nokre velmeinte finansråd. Ifølgje DNB fekk konfirmantane i 2018 i gjennomsnitt totalt 52.000 kroner på den store dagen.

Vi ser at det er skapt store forventingar til konfirmasjonsdagen. Både gåver, bunad, dress, konfirmasjonsfest med meir tærer på lommeboka. Ein vil at dagen skal bli perfekt for konfirmanten. Det er oftast det materielle som står i fokus. Kanskje fordi det er det materielle som er enklast å trekke fram når ein skal samanlikne seg med andre?

Sjølv om det både er banalt og enkelt: Gjer konfirmasjonsdagen så god som mogleg! Gåvene til konfirmanten kan vere kreative og personlege, og treng ikkje alltid vere knytt til eit kontonummer. Eg tenker at vi også kan slutte å mase på konfirmantane om kor mykje pengar dei håva inn på den store dagen? Gratulerer med konfirmasjonsdagen!